Turisme og reiseliv
Volda kan med si lokalisering i fjord- og fjell-landskapet Sunnmørsalpane by på rikeleg høve til friluftsliv, både sommar og vinter.

På Kleppekleiva ligg Astronomisenteret Kometland som er spanande å besøke for alle som er interessert i verdensromet.
Volda Skisenter: Reset, har ei 1100 m. lang lysløype frå Sandhornet, og like ved er lysløype for langrenn. Fleire av bygdelaga har også lysløyper.
Voldahallen femner om dei fleste innandørsidrettar, og både Volda Stadion, med kunstgrasbaner og Idrettsbygget ved Høgskulen vert aktivt nytta av barn og unge. Det er eit godt utval av merka turstiar og i Vassbotn er det ei ni-hols golfbane.
I Bjørkedalen er båtbyggjartradisjonane levande, og her kan du sjå båtbyggjarar i arbeid, og få deg tur i vikingskip på Bjørkedalsvatnet.
I Dalsfjorden kan du vitje Fyrmuseet, og i Austefjorden finn du Årsetøy-samlinga, eit museum der den gamle bygdekulturen og næringslivet er dokumentert. I sentrum ligg Volda Bygdetun, Haualeitet, med mange eldre bygningar og ustillingslokale. På Egset ligg Sivert Aarflot museet; Sivert Aarflot var grunnleggaren av det første trykkeriet på landsbygda i Noreg.
|
|
|
|