Gå til hovedinnhold Gå til søk
FramsidaSkip Navigation Links Gå til hovedinnhold
View Part 

Servicekontor

Vi vil gjerne hjelpe deg med å finne fram i det kommunale tenestetilbodet.

Hos oss vil du kunne få informasjon om kommunen og rettleiing/orientering om tenestetilbodet. Ved å vende deg til servicekontoret kan du få mange av dei søknadsskjema som vert nytta i kommunen. Og dersom du ønskjer å få vite kven som har ansvaret for ei sak og kor langt handsaminga er komen, så kan vi hjelpe deg med det.

Vi vil så langt som mogleg forsøke å gje deg eit fullstendig svar på det du spør om, og klarar vi ikkje det, så er det vårt ansvar å finne rette vedkomande i kommunen som kan hjelpe deg.

Servicekontoret har ansvaret for den daglege leiinga av kommunen sine arkiv og for føring av posten til nesten alle avdelingane på rådhuset. Vi er også møtesekretariat for dei fleste politiske utvala i kommunen.
Telefon: 70 05 87 00
E-post: postmottak@volda.kommune.no

Opningstidene er 8.00-16.00 (sommartid frå 15. mai til 15. september: 8.00-15.30 ).



Sanden, foto Jørn Olav Løset

Info 
Inger-Johanne Johnsen 28.01.2010 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut