Framleis låg arbeidsløyse i Volda
Dei siste tala frå NAV Møre og Romsdal syner at talet på ledige i Volda kommune held seg forholdsvis lågt. Ved utgangen av juni var 70 personar heilt utan arbeid i kommunen. Dette tilsvarar 1,6 prosent av arbeidsstyrken og er om lag på same nivå som månaden før.
I Ørsta er det 100 personar som er heilt utan arbeid. Dette utgjer 1,9 prosent av arbeidsstyrken, dvs. om lag det same som ved utgangen av mai månad. I Møre og Romsdal fylke har talet på heilt arbeidsledige personar minka med 74 personar til 2936, som utgjer 2,2 prosent av arbeidsstyrken.
I kongeriket Noreg er 71627 personar heilt utan arbeid ved utgangen av juni månad. Dette utgjer 2,8 prosent av arbeidsstyrken og er ein auke på 1033 personar frå månaden før.
Møre og Romsdal gjer det betre enn landet på fleire område, m.a. når det gjeld heilt ledige og når det gjeld tilgang og mengd utlyste stillingar.
Ingeniør- og IKT-faga har størst nedgang i tilgang på stillingar, både i prosent og i talet på stillingar. Tilgangen på stillingar er redusert med heile 44 prosent.
Tabellen nedanfor viser situasjonen i alle kommunane i Møre og Romsdal.
