Ny plan- og bygningslov med tilhøyrande forskrifter
1.juli 2010 trådde den nye plan- og bygningslova med tilhøyrande forskrifter.
Som ei følge av endra regelverk vert det utarbeida nye byggblankettar. Kommunen har ikkje desse blankettane tilgjengelege enno og inntil dei vert lagt ut på vår heimeside kan gamle blankettar verte nytta. Blankettane kan fåast ved å vende seg til kommunen sitt servicekontor.

Meldingssystemet er no oppheva, slik at alle tiltak i utgangspunktet er søknadspliktige. Men det vert stillt forskjellige krav til bruk av ansvarlege foretak. Enkelte mindre tiltak er fortsatt unntatt frå sjølve søknadsplikta.
Med søknadsplikt meiner ein at tiltakshavar må søke om og få løyve frå kommunen før eit tiltak kan setjast i verk.
Føremålet med søknadsplikta er at kommunen skal få moglegheit til å førehandsvurdere tiltaket, i den hensikt å hindre at tiltak vert gjennomført i strid med bestemmelsar gitt i eller i medhold av lov.
Søknadssystemet gjev kommunen i praksis ein moglegheit til å føreta ein konkret skjønnsmessig vurdering av om tiltaket bør verte gjennomført eller ikkje.
Dersom det omsøkte tiltaket er i strid med kommuneplanens arealdel, gjeldande reguleringsplan eller materielle krav i lov eller forskrift, må tiltakshavar og få innvilga dispensasjon fra dei aktuelle bestemmelsar før tiltaket kan igangsetjast.
Gjennomføringsplan skal vedleggast søknad og oppdatert plan skal ligge ved for alle endringar og søknadar til kommunen. Kontrollerklæringar og samsvarserklæringar skal føreligge i foretaket tilgjengeleg for kommunen, men skal ikkje lenger vedleggast søknaden til kommunen.
Det skal fortsatt søkast om ansvarsrett for funksjonane som ansvarleg søkjar, prosjekterande, kontrollerande for prosjekterande, utførande og kontrollerande for utførande.
Fram til 1.juli 2011 kan tiltakshavar sjølv velge om reglane i tidligare teknisk forskrift eller reglane i ny byggteknisk forskrift (TEK10) skal leggast til grunn for tiltaket. Dette skal framgå av søknaden.
Våtrom er søknadspliktig og krev bruk av ansvarlige føretak. Våtrom i vanlege driftsbygningar i landbruket er unnateke
Ei nærare oversikt over kva tiltak som vert omfatta av dei generelt formulerte unntaka og vilkåra for unntak framgår nå av bestemmelsane sjølv eller av byggesaksforskrifta, jf. lovas §§ 20-3 og 20-4, samt byggesaksforskrifta kapittel 4.
Artikkelforfattar: Liv Karin Egset