Gå til hovedinnhold Gå til søk
FramsidaSkip Navigation Links Gå til hovedinnhold
View Part 

Volda kommune avrundar prosjekt om kompetanseheving i vedlikehald av bygg

Volda kommune sender i desse dagar sluttrapport til KoBE om gjennomføring av prosjektet ”Kompetanseheving i byggvedlikehald”. Overskrifta på rapporten er "Krevande eigarar og dyktige forvaltarar gjev god eigedomsforvalting”. I dette ligg at kommunepolitikarane, saman med administrasjonen, har eit stort ansvar for å sikre at dei store verdiane som ligg i den kommunale eigedomsmassen vert tekne godt vare på.

Bilete frå temadagagdag
Kompetanseheving bygg foredrag 2009 foto Ingrid Opedal


KoBE er eit prosjekt i Statens bygningstekniske etat som står for Kompetanse for bedre Eiendomsforvaltning, der hovudfokuset er betring av forvalting og vedlikehald av kommunale bygg. -Som mange andre kommunar har Volda ei stor bygningsmasse prega av mange års dårleg vedlikehald. Hovudårsakene er dårleg kommuneøkonomi og manglande politisk prioritering. Samstundes har krava frå brukarane endra seg. Fleire bygg skal renoverast så snart økonomien tillet det. I tillegg ynskjer vi å etablere betre rutiner for kontinuerleg vedlikehald. Dette føreset gode administrative system, og det føreset at politikarane er villige til å prioritere naudsynte midlar, fortel Ingrid Opedal, nestleiar i den kommunale byggenemnda. Volda kommune fekk etter søknad 50 000 kroner frå KoBE for å auke kunnskapen på dette området. Saman med 100 000 kroner frå Husbanken har dette gjeve økonomisk grunnlag for eit større kompetansehevingsprosjekt som i tillegg til vedlikehald omfattar energi, miljø og universell utforming. Dei sistnemnde tema vert det arbeidd vidare med utover hausten, medan KoBE-delen av prosjektet vart avslutta no i vår.

-For at kunnskapen vi har opparbeidd ikkje skal verte liggande i ein skuff er det utarbeidd ein sluttrapport for prosjektet, som no vert sendt til KoBE (sjå vedlegg). –Ettersom dette med byggforvalting og vedlikehald først og fremst gjeld Eigedomsavdelinga, er det og utarbeidd ei sjekkliste som både tilsette og politikarar vil ha med seg i det vidare arbeidet, seier Opedal.

Eit konkret resultat av prosjektet er at det no er sett av midlar til eit FDV-system (forvalting, drift- og vedlikehald) på Eigedomsavdelinga, som vil gjere det lettare å ha oversyn og ikkje minst synleggjere overfor politikarane kva som trengst av midlar.

Opedal gjev ros til resten av arbeidsgruppa som har delteke i prosjektet. –Sjølv om prosjektet no formelt vert avslutta vil arbeidet sjølvsagt halde fram, seier ho. Mellom anna skal arbeidsgruppa gå gjennom Byggehandboka til kommunen for å oppdatere den i høve til nytt lovverk og ny kunnskap innanfor byggvedlikehald, energi og miljø og universell utforming.

Vedlegg: Sluttrapport til KoBE


Artikkelforfattar: Ingrid Opedal

Info 
Bente Engeseth 20.07.2010 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Artikkel - rediger