Jubeldag for Volda kommune
Tirsdag 20.juli vart den nye brannbilen til Volda Brann og Redning overlevert Volda kommune, av Egenes Branteknikk AS i Flekkefjord.
Bilen er ein Scania P 400 til ein kostnad på vel 3,6 mill. kr.
Bilete av den nye brannbilen til Volda kommune, Foto: Egenes Brannteknikk AS
 |
 |
Den nye bilen skal ta over rolla som første utrykkingsbil. Før den er operativ skal det monterast og overflyttast utstyr, m.a frå redningsbilen.
Mannskapa, og ikkje minst sjåførane, må også gjere seg kjende med utstyr og bil.
På grunn av at vi er inne i ferietid vil ikkje dette kunne vere på plass før etter ferien og alle er på plass.
Egenes Brannteknik AS vil då stille med folk her i Volda for gjennomgang av bil og utstyr og gi nødvendig opplæring. Med den nye brannbilen på plass vil Volda Brann og Redning stå endå betre rusta til å hantere dei oppgåver det er forventa at vi skal kunne takle.
Gratulerer Volda.
Artikkelforfattar: Svein Halvard Arnesen, brannsjef