Gå til hovedinnhold Gå til søk
FramsidaSkip Navigation Links Gå til hovedinnhold
View Part 

Rettferdig handel - Fairtrade

¤EPII_TITLE¤ Isaias Martines, UCIRI, ein fattig, men stolt kaffibonde frå Mexico, seier:

”Vi trenger ikke veldedighet, vi er ikke tiggere. Hvis vi får en anstendig pris for kaffen vår, kan vi klare oss uten veldedighet”

Kvifor Fairtrade?
Millionar av landlause arbeidarar og småbønder får ikkje det alle har krav på: nok til å brødfø familiane sine, sende borna sine på skule, og litt ekstra for å kunne investere i berekraftig utvikling. Føremonene med internasjonal handel er diverre ikkje like tydelege for alle menneske i verda. Småbønder har liten tilgang til marknad og prisinformasjon, og blir difor i aukande grad avhengige av mellommenn. I nedgangstider misser mange jorda si, og dermed levebrødet sitt. I tillegg er det mange plantasjearbeidarar som ikkje får nyte godt av auka handel på verdsmarknaden. Mange lever med låge løner, utrygge arbeidsforhold og dårlege levekår. Dei manglar ofte retten til å organisere seg for å forsvare rettane sine, eller høve til å delta i avgjerder som gjeld deira eigne liv på plantasjen.

Stiftinga Fairtrade Max Havelaar Norge

Stiftinga Fairtrade Max Havelaar Norge driv ikkje med kjøp og sal av produkt, men sertifiserer varene med det internasjonale Fairtrademerket. Dette er garantien for at varene er produserte og omsette i tråd med internasjonale standardar for Fairtrade. Stiftinga er ein ikkje-profitt organisasjon. Strenge kontrollmekanismer sikrar Fairtrade-standarden og kontrollerer verdikjeda - heilt fram til handlekorga vår.

Fairtrade- Styringsgruppa

Volda Kommune
Volda kommune er utpeika av KS og Fredskorpset til å vere ei internasjonal kommune. Også andre tilhøve låg til rette for at det i juni 2007, etter initiativ frå lokallaget til Framtiden i våre hender, vart skipa ei styringsgruppe som skulle jobbe for å gjere Volda til Fairtrade-kommune. Denne inkluderte også representantar frå Ørsta, slik at arbeidet i dei to kommunane gjekk parallelt. Gruppa var samansett av ulike frivillige og politiske lag og organisasjonar og representantar for kyrkja, og arbeidde for å få på plass alle krava frå Fairtrade Norge. Representantar frå KrF og SV tok initiativ overfor kommunale organ, og i eit samrøystes vedtak i Volda kommunestyre den 18.10.07 vart det slått fast at Volda kommune ville bli aktiv deltakar i arbeidet for Fairtrade. Volda kommune forplikta seg til å ta i bruk Fairtrade-kaffi og te på møte, og vil oppmode dei tilsette om å ta produkta i bruk i dei private kaffiordningane sine. Vedtaket var det siste kriteriet som mangla før styringsgruppa kunne sende søknad om fairtrade-sertifisering.

To nye Fairtrade-kommunar i september 2008!
Etter grundige sertifiseringsprosessar i Fairtrade Norge Max Havelaar vart Volda (5. september) og Ørsta (6. september) sertifiserte som Fairtrade.kommunar nr. 7 og 8 i Noreg, og dei første på Nord-Vestlandet.

Styringsgruppa held fram med koordineringsarbeidet, og er pr. dato samansett av:

- Kirkens Nødhjelp Møre & Romsdal, Bente Hjertenæs tlf: 907 03 553
- Framtiden i våre hender, Kjell Wiik tlf: 700 76066 og Iren Aambø 970 94 803
- Kommunal representant i Volda, Gunnar Andenes tlf: 700 58855
- Kommunal representant i Ørsta, Paul Kristian Hovden tlf: 700 69488
- Volda SV, Ingrid Opedal tlf: 907 80 534
- Volda kyrkjelege fellesråd, Jostein Stråbø tlf: 700 74095
- Ørsta sokneråd, Knut Stave tlf: 700 48640
- Norges Naturvernforbund, Geir Helge Nilsen tlf: 911 96 349

Info 
Bente Engeseth 13.11.2009 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Artikkel - rediger