Feiing
Feiing/reingjering av skorstein/røykkanalar. Etter avtale med huseigar feiing/reingjering av røykrøyr (røyr mellom eldstad og skorstein). Om det er tilgjenge, ta ut sot.
Tilsyn av utvendige forhold vedk. skorstein og tilkomst. Generelt er det feiing kvart 2. år.
Målgruppe
Alle røykkanalar i fyringsanlegg for oppvarming av rom og bygningar.
Kriterium
Dette må du gjere før feiaren kjem: • Signer varsellappen og heng den på ytterdør. • Steng spjeld, ventilar og luker. • Eldstad må vere sløkt. • Varsle evt. leigetakar. • Legg fram veggstige. • Har du feieluke på loft må feiar ha tilkomst.
Pris
Jfr. gebyr for feiing.
Ansvarleg eining
Brannavdelinga
Rettleiing
FEIAREN KJEM – er ei melding frå feiaren nokre dagar i forkant av feiedato, om feiing og pliktene til huseigar. Tilbakemelding til feiaren er på same skjema, og det er ei melding frå huseigar om at huset er klargjort for feiing. Denne meldinga skal hengast på ytterdøra, slik at den er lett synleg for feiaren når han kjem for å feie. Manglar tilbakemelding om at huset er klargjort for feiing, vert det ikkje feiing, men det vert likevel kravd inn feieavgift for forarbeid og frammøte.
Lover
Lov om vern mot brann, eksplosjon m.v. av 14.06.2002 Forskrift om brannforebyggende tiltak og tilsyn av 26.06.2007
|
|
|
|