Eldstad - melding om installering
Installasjon av eldstad i eksisterande bygning er etter Plan og bygningslova unnateke frå søknad og melding når installasjonen blir kontrollert av kvalifisert kontrollør, jf Saksforskriften (SAK) § 5 nr. 2 bokstav d. Installasjon av eldstad som del av nytt bygg er imidlertid søknadspliktig arbeid. Då som ein del av byggesøknaden.
Ved installasjon av ny eldstad og andre vesentlege endringar ved fyringsanlegget, skal dette kontrollerast av kvalifisert personell, til dømes feiar, byggmeister eller varmeforhandlar. Dokumentasjon på dette bør liggje føre, dette er eit verdipapir for deg som eigar, og skal kunne visast ved tilsyn jf SAK § 5 nr.2 bokstav d. Det er huseigar som har ansvaret for å sjå til at kontrolløren er kvalifisert.
Eigar er pliktig til å melde frå til kommunen (brannvernet) når eldstaden er installert. Dette gjeld også om det vert gjort andre vesentlege endringar ved fyringsanlegget. Til slik melding skal ein nytte skjema som føl monteringsrettleiing til eldstaden eller ein kan laste ned skjemaet montering av eldstad.
Ansvarleg eining
Brannavdelinga
|
|
|
|