Om Volda
I Volda kommune budde det pr. 01.01.2010 8568 innbyggjarar. I tillegg bur her om lag 1500 studentar i studieåret.
Volda er kommunesenteret, men her er òg tre bygdesenter: Fyrde, Folkestad og Lauvstad.
Desse sentra har skule, butikk og andre sørvistilbod.
Volda har gode kommunikasjonar: Ørsta/Volda Lufthamn, Hovden, har dagleg flysamband med Oslo og Bergen. Vi har dessutan dag- og nattbussamband til Oslo og Bergen, i tillegg til ”Timeekspressen” som startar i Volda og går til Ålesund, Molde og Kristiansund.
Tradisjonelt har primærnæringane vore viktige næringar i Volda kommune. I dag er det dei store offentlege institusjonane; høgskulen og sjukehuset, som er dei største arbeidsplassane i kommunen.
Volda har elles stor variasjon av små og mellomstore bedrifter innan industri, handel og sørvis.
Volda har i nærare 150 år gitt tilbod om høgre utdanning. «Vestlandslæraren» som i generasjonar hadde ei sentral kulturell og intellektuell rolle i store delar av landet, var ofte utdanna i Volda.
Dei siste 35 åra har medielina ved Høgskulen utdanna journalistar til mediebedrifter i heile landet.