Ti TURmål 2009
Det 5. året med Ti TURmål i Volda kommune!
Gå deg i form og bli kjent i kommunen ved å gå til nye turmål i perioden 1.mai-30.september. Registrer deg i bøkene kvar gong, og bli med på trekning av fine premiar. I år er 5.året med ti TURmål, og dette markerer vi med litt ekstra premiar. I tillegg har vi fotokonkurranse for beste foto tekne på eit eller fleire av turmåla.
Du kan sjølv velje når du vil gå turane, men om du ynskjer turleiar og fleire turkameratar, inviterer lag og organisasjonar i Volda kommune til TURsøndag knytt til dei ti turmåla. For å sjå tider og stader, sjå kartet under og linkar til høgre.

|
|
|
|