Gå til hovedinnhold Gå til søk
Framsida > Skip Navigation LinksTenester til deg > Fritid, kultur og idrett Gå til hovedinnhold
Tenestekategori 

Fritid, kultur og idrett

Volda har eit rikt kulturliv med mellom anna mange lag, kor og korps.

Kulturskulen driv opplæring i song, spel og teikning/måling. I kulturskulen sin regi er det band og aspirant-, junior- og ungdomssymfoniorkester. Kulturskulen vert driven i kommunal regi.
Det same vert folkebiblioteket, idrettshallen, ungdomsklubben og kinoen på Samfunnshuset.

Kommunen markerar seg og sterkt innan idrett og har lag innan dei fleste idrettsgreiner; fotball, volleyball, handball, symjing, ballett, turn, judo, tennis og skiport osb.

Skientusiastane kan boltre seg med skitrekk og flaumlysløyper.

Astronomisenteret Kometland med sine terrasser, skråtak, fire observatorium og Kometmuseet er dette senteret trulig verdas største privateigde amatørobservatorium.
Ope på dagtid og kveldstid i sommarhalvåret. Ta gjerne turen til Kometland og observer solaktiviteten og stjernehimmelen i vinterhalvåret.
Ta kontakt på telefon 481 24 646.

Elvadalen med sitt unike nærmiljøanlegg blir mykje brukt av turgåarar.

Gangbru v Elvadalen

Tenestekategori - info 
Bente Engeseth , 17.08.2010 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Søk etter teneste 
Tenestekategori - rediger