Næringsliv og landbruk
Dei største næringane er pr i dag dei tenesteytande innanfor offentleg og privat sektor. Høgskulen i Volda (HVO) og sjukehuset i Volda er saman med kommunen dei største arbeidsgjevarane. Volda er vertskapskommune for eit aktivt og ekspanderande høgskulemiljø ved HVO og likeeins eit aktivt forskingsmiljø tilknytt Møreforskning.
Her er eit variert industrimiljø med verkstad-, trevare-, næringsmiddel- og teknoindustri. I Volda sentrum er det omlag 100 butikkar i ulike bransjar.
I tillegg til landbruk og tradisjonell industriproduksjon er Volda også stor på fiskeoppdrett, der fjordane og elvane gir naturlege føresetnader for denne næringa.
Landbruket er ei viktig næring for Volda kommune. For at denne næringa skal vere liv laga, må det arbeidast aktivt for å oppretthalde aktiviteten og produksjonsnivået i det tradisjonelle landbruket. Landbruksnæringa må framleis vurderast som ein av grunnpilarane for busetnaden på bygdene. Bustadfunksjonen må difor tilleggjast stor vekt ved sida av næringsdelen. Innanfor dei ordningane som vert bestemt frå sentralt hald, må ein sikre arbeidsplassane og auke lønsemda gjennom ulike samarbeidstiltak som t.d. samdrift i husdyrhald, samarbeid om reiskap og maskiner osb.
|
|
|
|