Byggesak og oppmåling
Avdelinga har ansvar for:
- Handsaming av søknader om løyve til byggetiltak m.m.
- Handsaming av søknader om løyve til frådeling og bortfeste av grunn
- Handsaming av søknader om løyve til seksjonering
- Kart- og oppmålingsforretningar
- Utferding av matrikkelbrev (målebrev), registerbrev m.m.
- Tildeling av adresser
- Ajourføring av register over grunneigedomar, adresser og bygningar (matrikkel) og matrikkelkart
- Forvaltning, drift og sal av kart
- Forvaltning og drift av fastmerkenettet
Avdeling for kart, oppmåling og byggesak har ansvar for å oppfylle kommunen si rettleiingsplikt innanfor avdelinga sitt forvaltningsområde, tilrettelegge og distribuere informasjon frå kommunen sitt eigedomsarkiv og gjennomføre førehandskonferansar i tiltakssaker. Avdelinga førebur saker for politisk handsaming i Forvaltningsstyret som er forvaltningsmynde etter plan- og bygningslova. Avdelinga har i stor grad delegert avgjerdsmynde på vegne av Forvaltningsstyret i kurante bygge- og tiltakssaker.

|
|
|
|