NAV Volda
 |
|
|
Stortinget har vedteke Arbeids- og velferdsforvaltning - NAV - med formål om å: • få fleire i arbeid, færre på stønad • tilpasse tenesta brukarane sine behov • få ei meir heilskapeleg og effektiv arbeids- og velferdsforvaltning.
Tidligare Aetat og Trygdeetaten vart lagt ned frå og med 01.07.2006, samstundes som det vart etablert ein ny statsetat som skal syte for alle oppgåvene som desse einingane tidligare sytte for.
Hausten 2007 vart kommunen si sosialteneste ein del av NAV, men fortsatt ei kommunal teneste.
Du finn kontoret i 2. etg. i Volda rådhus (i dei tidlegare bibliotek-lokala).
Opningstidene er som følgjer: Mandag, tirsdag, torsdag og fredag: Kl 10.00-15.00. Onsdag stengt. Telefonntid: 8.30-15.00.
Ved NAV- kontoret møter brukarane ei integrert teneste, der tilsette frå det som tidlegare var Aetat, Trygdekontoret og kommunen si Sosialteneste arbeider saman for å finne gode løysingar for brukarane.
Volda kommune og NAV Møre og Romsdal har inngått ein samarbeidsavtale om kva slag tenester kontoret skal tilby. Den lokale samarbeidsavtalen fastset at alle tenestene du tidlegare fekk ved å vende deg til Sosialkontoret får du no ved NAV- kontoret. NAV Volda har omlag 15 tilsette frå staten og Volda kommune.
Eli Grøtta Helset er tilsett som leiar av NAV Volda. Kontorstad: NAV Volda, Stormyra 2, 6100 Volda Tlf. 70 32 12 60 Epost: nav.volda@nav.no |
|
|
|
|
|