Kultur, idrett og fritid

stockfoto: Unsplash - Klikk for stort biletestockfoto: Unsplash

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Volda har eit rikt kulturliv med mange lag, kor og korps.

Kulturskulen driv opplæring i song, spel og teikning/måling. I kulturskulen sin regi er det band og aspirant-, junior- og ungdomssymfoniorkester. Kulturskulen vert driven i kommunal regi.
Det same vert Volda folkebibliotek, Voldahallen, ungdomsklubben og kinoen; Volda filmteater på Samfunnshuset.

Volda Samfunnshus er dagleg i bruk til mange aktivitetar for born, unge og eldre.

Uppheimsplassen, er Volda sin tusenårsstad, omkransa av kyrkja, den gamle banken og eldre trehusbebyggelse. I dette området har vore aktivitet så lenge det har budd folk i Volda. Uppheimsplassen er ein fin festplass med paviljong og parkområde. Her kan du sjå "Tellusegget" av kunstnaren Astrid Eidset Rygh. 

Volda har fleire bygdetun. I Volda sentrum har vi Volda bygdetun og Garverimuseet, på Egset er Sivert Aarflot-museet, i Dalsfjorden er Dalsfjord fyrmuseum.

Kommunen markerar seg og sterkt innan kultur og idrett og har lag innan dei fleste idrettsgreiner; fotball, volleyball, handball, symjing, ballett, turn, judo, tennis og skisport osb. Skientusiastane kan boltre seg med skitrekk og flaumlysløyper. 

Kometland ein spennande stad å besøke for alle som er interesserte i verdensromet. Astronomisenteret Kometland med sine terrasser, skråtak, fire observatorium og Kometmuseet er dette senteret trulig verdas største privateigde amatørobservatorium. I sesongen frå august til april, har Kometland mange besøkande frå heile landsdelen m.a. ein del skuleklasser. Astronomisenteret som inneheld mykje interessant informasjon, er absolutt verdt eit besøk også om sommaren.Kometland er ope på dagtid og kveldstid i sommarhalvåret.

Ta gjerne turen og observer solaktiviteten og stjernehimmelen i vinterhalvåret.

Ta kontakt på telefon 481 24 646. Meir info på heimesida kometland.com

Sist endra 22.06.2017
Fann du det du leita etter?
Artiklar
Login for redigering