1. mai startar ny Stikk UT!-sesong

 Utsikt frå Botnasætra Foto: Runa Bakke - Klikk for stort bilete Runa Bakke

Er du klar for ein ny tursesong? I morgon, 01. mai, går endeleg startskotet for den nye Stikk UT!-sesongen.

I år er det 25 Stikk UT!-turmål i Volda kommune og dei frivillige har vore i full sving dei siste dagane for å plassere ut skilt og kodelappar på turmåla. Blant turmåla finn du åtte grøne turar, 13 blå turar og fire raude turar. Sju av turane har også status som trillevennleg som gjer at du kan ta deg fram på sykkel og med barnevogn. I heile fylket er det i år 470 turmål.

Av omsyn til smittevern er det heller ikkje i år bøker ved turmålet, men ein stor kodelapp på utsida av postkassa eller på skiltplata ved turmålet. Alle kodane består av to bokstavar og to tal (til dømes «AB12»).

Korleis delta på Stikk UT!

  • Registrer deg som brukar på stikkut.no
  • Finn turar du vil gå og les turforklaringa på stikkut.no eller i Stikk UT!-appen
  • På mobilen kan du opne kartet og følgje med kvar du er undervegs på turen
  • Registrer koden du finn ved kvart turmål på stikkut.no eller i Stikk UT!-appen

Sjå vedlagt bruksrettleiing («Korleis delta på Stikk UT»)

Stikk UT!-app

I år er det endeleg lansert ein eigen Stikk UT!-app. Appen kan hjelpe deg å planlegge og gjennomføre turane dine på ein enkel måte. I appen kan du finne oversikt over alle turmåla, oversikt over kva turar du har gått, kor langt du har gått og kor mange høgdemeter du har gått. I appen kan du lagre turmål du ønskjer å gå som favorittar og få desse samla i ei eiga liste over turar du ønskjer å gå. Appen har ein god kartfunksjon som viser kvar du er i forhold til stien og dersom du aktiverer funksjonen «Spor meg» vil appen registrere når du er ved turmålet og sende deg eit push-varsel med ferdig utfylt kode som du kan godta for å registrere turen din. Appen er gratis og kan lastast ned der du lastar ned appar til vanleg. Appen og stikkut.no fungerer saman, så du kan velje kvar du vil registrere turane dine.

Stikk-ut app illustrasjon - Klikk for stort bilete Mange turar med utsett opning.
På grunn av snø er det heile 12 av 25 turar som dessverre ikkje kan opnast 1. mai. På dei fleste av desse er turkoden ikkje på plass enno, og det er uansett ikkje råd å registrere turane før dei opnar. Gjer vel og vent med å gå desse turane til turmålet er opna. Dato for opning finn du på www.stikkut.no eller i Stikk UT!-appen. Nokon turar kan få fremskunda opningsdato og nokon kan få utsett sin opningsdato. Dette avhenger av snøforholda på staden.

Tryggleiken kjem alltid først, derfor ventar vi med å legge ut kodar høgt til fjells der det framleis er myke snø. Somme stader kan det også vere fare for ras. På nokre turar er det også nødvendig å utsette opninga til stien har fått tørke opp, for å unngå unødvendig stor slitasje i ein sårbar periode.

Vi oppmodar til sporlaus ferdsel. Sett deg gjerne inn i Stikk UT!-reglane før du legg ut på tur.
Volda kommune ønskjer alle ein god tursesong og håpar årets sesong vil by på mange flotte naturopplevingar.

Stikk ut reglar - Plakat med illustrasjonar - Klikk for stort bilete