17. mai må feirast annleis i år

Klikk for stort bileteRundt om i bygdene jobbar 17. mai-komiteane med å planlegge ei annleis feiring av grunnlovsdagen.

Koronasituasjonen gjer at feiringa i år ikkje vert slik den er til vanleg.

Regjeringa har laga nokre førebelse retningsliner for 17 mai. 

Dei nasjonale smittevernråda gjer at barnetoga slik vi kjenner dei ikkje kan gjennomførast i år. Det same gjeld større feiringar på grendehus og skular.

Musikkorps kan spele og marsjere om det ikkje følgjer menneske bak eller står mange tilskodarar langs vegen. Musikantane må halde to meters avstand.

Flaggheising og kransenedlegging kan gjennomførast med ei mindre mengd tilskodarar. Desse råda gjeld fram til 4. mai. Då vil regjeringa kome attende med ei endeleg rettleiing for 17. mai-feiringa i 2020.     

 

Felles nasjonalsang


Klokka 13.00 på nasjonaldagen har Kultur- og likestillingsministeren invitert alle til å vere med på å synge "Ja, vi elsker dette landet".

I år vil dei fleste feire dagen heime. Det vert jobba med organisering av strauming av ulike aktivitetar slik at innbggjarane kan få med seg det som skjer heime.