Alle må svare på SMS med innkalling til vaksinasjon

Klikk for stort bilete Pixabay.com Vi opplever at mange ikkje svarar på SMS med innkalling til vaksinasjon. Alle MÅ svare.

Dei som ikkje svarar innan måndagen får timen avbestilt og må sjølv ta kontakt for å kome inn i vaksinekøa igjen.

Logg deg inn på helsenorge.no og sjekk at mobilnummeret ditt er lagt inn, så er du sikker på å få SMS med innkalling.

Har du fått melding om vaksinetime?

  • Du MÅ bekrefte timen din: Logg inn på helsenorge.no og bekreft at du møter opp
  • Du kan utsette timen du har fått innkalling til på helsenorge.no
  • Oppmøtestad: Gamle Voldahallen
  • Dersom du har feber,  ring 70 05 89 65 og gje beskjed om at du ikkje kan møte 
  • Må du flytte timen kan du ringe 70 05 89 65 (kvardagar kl 12-16)
  • Bekledning – ha på deg klede som gjer det lett å nå overarma 
  • Ta med gyldig legitimasjon
  • Det er gratis å ta vaksine

 

Vaksinestatus i veke 23

Denne veka startar vaksinering i Voldahallen torsdag 10.06 kl 11.00. Vi skal sette 504 doser. Det er ca. 290 som får 2. dose og 210 som får 1. dose. Vi har starta innkalling av aldersgruppa 59 år. Vi held på i gruppe 8, alder 64-55 år i tillegg til helsepersonell. Av helsepersonell er det sommarvikarar som skal prioriterast inn mot ferien.

I veke 24 får vi tildelt 528 doser. Desse går til ca 200 personar som skal få 2. dose og resten går til personar som skal få 1.dose. Då er vi godt i gang med aldersgruppa 56 år. Det vert vaksinering torsdag 17.06 frå  klokka 11.00.

Kor langt har vi kome?

Alle med underliggande sjukdomar, helsepersonell og 65+ har fått tilbod om time, og vi har starta på aldersgruppene 64–55 år.

Vi har kome ned til alder 59 år. Om tildelinga vert som førespegla kan vi komme ned til prioriteringsgruppe 10 (Alder 18-24 år og 40-44 år) i veke 28. Det er vanskeleg å slå fast noko sikkert då vi no har kome over på ei svært samansett gruppe, i tillegg til usikkerheit kring tildeling av vaksiner. Vi oppmodar alle om å møte til vaksinetimen som blir tildelt.

Intervall mellom vaksinedosene

Helsestyresmaktene bestemte i slutten av april at intervallet mellom første og andre dose av Pfizer/BioNTech-vaksinen som vi får i Volda skulle aukast opp til inntil 12 veker for alle under 65 år utan underliggande sjukdomar/tilstandar. Dette for at flest mogleg skulle få vaksinedosar så raskt som mogleg.

FHI varslar at tilgangen på vaksinar er god framover, og derfor har ein avgjort at ein kan forkorte intervallet igjen. Derfor vert det no 9 veker mellom første og andre dose for alle som er 65 år og under som får første vaksinedose frå veke 24 (neste veke).

Hugs at det er viktig å få både 1. og 2. dose. Dose 1. gir god effekt av beskyttelse etter veke 3 til veke 15. Det er derfor viktig å følgje opp tidsintervallen slik den ligg føre.

Les meir om endra intervall mellom dosane på regjeringa si nettside her.

På denne sida legg vi ut vaksinestatus kvar veke.