Anleggsarbeid ved turvegen i Elvadalen - oppdatering

Brua over elva på gangvegen ved Extra Rotset vert stengt frå måndag morgon og nokre dagar framover.

Klikk for stort bilete  

Dette vil ha konsekvensar for skulevegen til ein del born som må krysse Elvagata for å kome seg til skulen. Klikk for stort bilete

Frå før er turvegen i Elvadalen stengt på strekninga mellom Myravegen og gangbrua ved Volda Bil no og fram til 20 september. Årsaka er graving og legging av høgspentkablar til framtidige el-ferjer på Vikeneset.

Klikk for stort bilete 

 

 

 

 

 

 

 

I samband med framføring av straum til el-ferjene på Vikeneset skal det leggast nye høgspentkablar gjennom Elvadalen.

Kablane skal ligge i fundamentet under turvegtrasèen på strekninga Myravegen og ned til området Presteholmen (som vist på kartet). Kommunen har inngått avtale med utbyggar – Mørenett AS - om at turvegen på denne strekninga samstundes skal rehabiliterast og få same standard som ved Presteholmen. Det vert også lagt eigen kabel for lys langs vegen og sett ned fundament for desse. Innkjøp og montering av lyktestolpar til turvegen vil ein måtte vente med til ein har finansiering på plass. Som del av anleggsarbeidet skal det gjerast tiltak for å få dei brattaste bakkane på turvegen slakare slik at det vonleg vert lettare å ta seg fram t.d. for rullestolbrukarar
Det er Aurvoll & Furesund som er entreprenør og BKK Enotek som har ansvar for gjennomføringa.
Under anleggsarbeidet vil delar av turvegen verte stengt. Ein vil kome tilbake med nærare opplysningar om tidspunkt dette skjer.

Kontakt

Torgeir Stensø
planleggar
E-post
Telefon 70 05 87 55