Aprilsnarr: Volda blir nøytral språkkommune

Klikk for stort bileteAdministrasjonsspråket i kommunen vil no verte både nynorsk og bokmål.

Nynorsk

Dette er noko rådmannen sitt leiarteam har bestemt skal innførast i Volda kommune gjeldande frå august 2019.

- Mange tilsette i Volda har bokmål som sitt hovudmål. Eg har forståing for at dette kan vere ei utfordring, ettersom vi gjer vår handsaming på nynorsk i dag, seier rådmann Rune Sjurgard.

Rådmannen ser også at det vert ein ekstra kostnad å gjere offentlege dokument og programvarer om til nynorsk.

- Dei fleste appar, programvarer og system vi nyttar i ulike samanhengar vert ofte levert på bokmål. Det same gjeld dokument frå staten. Det vert ein stor kostnad å få dette omsett til nynorsk. Det er ein kostnad ein kan redusere ved å ha ein nøytral språkpolitikk, seier Sjurgard.

Det vert lagt opp til ein overgangsfase der alle dokument som går ut av kommunen vert skriven på både nynorsk og bokmål, før det frå 01.01.2020 vil vere opp til den enkelte sakshandsamaren å avgjere kva for eit skriftspråk ein ønskjer å skrive på.

Utdanningsforbundet har kome med følgjande uttale:

- Vi reagerer kraftig på denne avgjersla. Dersom ein skal leggje opp til fritt val av administrasjonsspråk må ein også ta med samisk som eit trdje val, ettersom det også er eit offisielt språk i Noreg, seier Sirikit Vågen som er Hovudtillitsvald i Utdanningsforbundet.

Bokmål

Dette er noe rådmannen sitt lederteam har bestemt skal innføres i Volda kommune gjeldende fra august 2019.

- Mange ansatte i Volda kommune har bokmål som sitt hovedmål. Jeg har forståelse for at dette kan være en utfordring, ettersom vi gjør vår saksbehandling på nynorsk i dag, sier rådmann Rune Sjurgard.

Rådmannen ser også at det blir en ekstra kostnad å gjøre offentlige dokument og programvarer om til nynorsk.

- De fleste apper, programvarer og system vi bruker i ulike sammenhenger blir ofte levert på bokmål. Det samme gjelder dokumenter fra staten. Det blir en stor kostnad å få dette oversatt til nynorsk. Det er en kostnad man kan redusere ved å ha en nøytral språkpolitikk, sier Sjurgard.

Det blir lagt opp til en overgangsfase der alle dokument som går ut av kommunen blir skrevet på både nynorsk og bokmål, før det fra 01.01.2020 vil være opp til den enkelte saksbehandlere å avgjøre hvilket skriftspråk man ønsker å skrive på.

Utdanningsforbundet har kommet med følgende uttalelse:

- Vi reagerer kraftig på denne avgjørelsen. Dersom man skal legge opp til fritt valg av administrasjonsspråk må man også ta med samisk som et tredje valg, ettersom også det er et offisielt språk i Norge, sier Sirikit Vågen som er Hovudtillitsvalgt i Utdanningsforbundet.