Arbeid i Gjølelva og Øyraelva

Klikk for stort bileteEtter meldingar om farga vatn i Gjølelva og Øyraelva vil vi informere om at det farga vatnet i Gjølelva skriv seg ifrå arbeidet som Volda kommune gjer i samband med prosjektet kring flaumførebygging.

Etter meldingar om farga vatn i Øyraelva og Gjølelva vil ein informere om at det farga vatnet i Gjølelva skriv seg ifrå arbeidet som Volda kommune gjer i samband med prosjektet kring flaumførebygging.

Volda kommune har i si anbodsbeskriving vist til at det skal etablerast tiltak for å avgrense/eliminere suspendert stoff i elvevatnet. Vidare skal ein ta vassprøver nedstrøms av tiltaksområde for å halde kontroll på mengd finstoff som ikkje vert fanga opp av massefangstdam. Grenseverdi for suspendert stoff er anbefalt i dette prosjektet til å vere mindre enn 200 mg/l.

Entreprenør har etablert tiltak nedstrøms av anleggsområde for å fange opp suspendert stoff og i Gjølelva er der etablert tre siltbasseng etter kvarandre like ved Circle K (bensinstasjonen). Desse bassenga vert med jamne mellomrom tømt for masse for å virke optimalt. Når det er høg vassføring vil bassenga vere mindre effektive. Prosjektet prøver så langt det er råd å minimalisere mengde med suspendert stoff til Øyraelva. Ein må likevel rekne med at så lenge det vert utført arbeid direkte i elva, vil det alltid medføre farga vatn nedstøm for anleggsarbeidet.

Vassprøver i samband med prosjektet vert tatt kvar veke og talet på suspendert stoff varierar ein del. Ein har hatt målingar over og under grense som ein har satt for prosjektet, men mengda med finstoff i vatnet vert raskt redusert når arbeidet i elva stoggar. Det visar seg å vera vanskeleg å eliminere suspendert finstoff i elvane når vi grev direkte i elva.

Volda kommune har god dialog med entreprenør om å finne ytterlegare tiltak for å redusere mengda med finstoff som når Øyraelva.

Kontakt

Jarl Martin Møller
kommunalsjef
E-post
Mobil 975 06 761