Assistentar/fagarbeidarar avdeling barnehage

Bilete frå Hornindal barnehage - uteleik - Klikk for stort bileteHornindal barnehageI Volda kommune er det ledige vikariat som assistent/fagarbeidar i avdeling barnehage.

I Volda kommune er det ledige vikariat som assistent/fagarbeidar i desse barnehagane, frå barnehageåret 2021/2022:

- Engeset barnehage

- Hornindal barnehage

- Lauvstad barnehage

- Oppigarden barnehage

I tillegg kan det verte ledige vikariat ved dei andre kommunale barnehagane.
Tilsetjing vil vere avhengig av eventuelle interne overføringar.

Det kan verte aktuelt med intervju, både gruppeintervju og individuelle intervju. Førebels aktuelle datoar for dette er 19.05 og 25.05. Andre datoar kan og verte aktuelle.

Sektor for oppvekst sin visjon er:

"Volda kommune har trygge barn og unge som deltek, meistrar og lærer."

Visjonen skal vere ei inspirasjonskjelde for alle tilsette i sektoren vår. I barnehagane vert det arbeidd med å ta i vare og vidareutvikle gode læringsmiljø som sikrar barna ei god psykisk og fysisk helse, og i botn for dette arbeidet ligg ei forventning om god relasjonskompetanse hos våre tilsette.

Her kan du søke på stillinga (Webcruiter).

Kontakt

Bodil Brautaset
avdelingsleiar barnehage
E-post
Telefon 70 05 88 73
Mobil 911 94 598