Auka skogbrannfare

Høge temperaturar, sol og tørke fører til auka fare for skogbrann.

Klikk for stort bilete

Brannsjefen minner om at ein må vere ekstra varsam med bruk av open eld når det er slik tørke som det ligg ann til å bli no framover.

Det generelle forbodet mot bruk av open eld mellom 15 april og 15 september gjeld i eller i nærleiken av skog og mark, men også andre stadar må ein ta sine førehandsreglar.

Grilling og små bål til matlaging høyrer heime på trygge stadar i strandkanten der det er god tilgong til vatn og ingen fare for at ein misser kontrollen.

Inntil vidare oppfordrar ein om forsiktigheit og minner om at sjølv der det er laga til bålplassar eller bålpanner, som t.d. ved ulike gapahukar ved skogen, er det forbod mot open eld slik det er no.

Viss det ikkje kjem nedbør og tørken vedvarer vil ein vurdere totalforbod mot bruk av open eld. Uansett er det viktig å hugse på å ta sine førehandsreglar og la vere å tenne opp om ein er usikker på om det er trygt.

Og har ein grilla eller brent bål så hugs å slokke skikkelig med rikeleg med vatn før ein forlet plassen. Det skal berre ei lita glo til for å starte ein stor skogbrann, til og med gloa frå ein sigarettsneip er nok.

 

https://www.dsb.no/nyhetsarkiv/2019/dsb-advarer-mot-okende-skogbrannfare/

Til artikkel om dei generelle bålreglane.

Kontakt

Roy Inge Heltne
brannsjef
E-post
Telefon 70 05 87 80
Mobil 971 49 658