Avdelingsleiar ved Volda helsestasjon

Etter at Toril Høydal vart pensjonist 30. september, er det tilsett ny avdelingsleiar for helsestasjonen i Volda. 

Toril Høydal har gjort ein stor innsats for Volda kommune gjennom ei årrekke. Toril vart tilsett som helsesjukepleiar i Volda kommune i 2001. Frå 01.01.2020 har ho vore fast tilsett som avdelingsleiar for helsestasjonen. Siste året har ho under koronapandemien gjort ein framifrå innsats som vaksinekoordinator, der ho med stødig hand trygt har leia vaksinasjonsarbeidet. 

Nytilsett avdelingsleiar

Det er Gitte Edvardsen som er tilsett som ny avdelingsleiar. Måndag 11. oktober var ho på besøk på rådhuset der ho fekk helse på mange av sine nye kollegaer i Volda kommune.

Gitte Edvardsen er dansk statsborgar, men har dei siste 6 åra budd og jobba på Grønland. Der har ho dei siste 4 åra vore leiar ved barne- og barselavdelinga på Dr. Ingrids Hospital i Nuuk. I tillegg til personalansvar hadde ho fleire organisatoriske- og  utviklingsoppgåver retta mot både det faglege området, mot personalet og organisasjonen.

Gitte har lang fartstid som sjukepleiar, ho starta i yrket i 1990. Ho har arbeidd i mange ulike avdelingar både ved fleire sjukehus og kommunar. Ho har også vore prosjektleiar for ulike prosjekt, sist nyetablering av barneavdeling ved Grønland Selvstyre på Grønland.  

Gitte kjem frå stilling som sundhedsfaglig konsulent i den sundhedsfremmende og sygdomsforebyggende enhed Paarisa i Socialstyrelsen på Grønland. Ho har sin første arbeidsdag i Volda kommune 15. oktober.

Kommunalsjef oppvekst, Per Ivar Kongsvik og avdelingsleiar helsestasjon, Gitte Edvardsen. - Klikk for stort bileteKommunalsjef oppvekst, Per Ivar Kongsvik og avdelingsleiar helsestasjon, Gitte Edvardsen.Vi ønsker Gitte Edvardsen velkomen som kollega i Volda kommune!