Avvikling av drifta ved Mork bustadar

Klikk for stort bileteFor å oppnå den overordna strategien om at folk skal få bu heime lengst mogleg, er det vedteke å avvikle drifta ved Mork bustadar for å kunne dreie ressursar meir mot heimebasert omsorg.

Det har sidan hausten 2018 pågått ein prosess i høve avvikling av drifta ved Mork bustadar. Dei siste åra har der vore 17 plassar ved denne døgnbemanna bustaden.

I samband med kommunesamanslåinga var det utført ei grundig analyse av helse- og omsorgstenestene i både Volda og Hornindal kommune.

Agenda Kaupang si analyse peikte mellom anna på at Volda kommune bruker mykje ressursar på drift av døgnbemanna omsorgsbustadar, samtidig som at både rehabiliteringstilbod i korttidsavdeling og heimebaserte tenester ut i heimane bør styrkast.

Volda kommune har per i dag fire bygg med døgnbemanna omsorgsbustadar for eldre; det er Barstadtun, Fjordsyn, Folkestadtun og Mork bustadar (også kalla Nilletun).

Mork bustadar har vore ein god heim for mange eldre, og er kjend for å vere ein arbeidsplass med svært god trivsel.

Samtidig er det er eit gamalt bygg med etter kvart store behov for oppgradering om det skulle kunne nyttast til same føremål vidare.

Bu heime lengst mogleg

For å oppnå den overordna strategien om at folk skal få bu heime lengst mogleg, er det difor vedteke å avvikle drifta ved Mork bustadar for å kunne dreie ressursar meir mot heimebasert omsorg, og for å styrke kapasiteten på korttidsavdelinga.

Ingen tilsette mister jobben, men har fått tilbod om andre stillingar i Helse og omsorg.

Det har vore dialog saman med dei ni bebuarane og pårørande for å finne alternativt butilbod. Alle har fått tildelt ny bustad.

Ein planlegger å gjennomføre ein felles flyttedag i løpet av den siste veka i november.