Barn, ikkje brud

Praktisk informasjon om TV-Aksjonen i Volda 2021.

TV-aksjonen 2021, Barn- ikkje brud,  går til Plan sitt arbeid mot barneekteskap.  Dei innsamla midlane skal gå til tiltak i Bangladesh, Nepal, Malawi, Mali og Niger.  Informasjon om temaet finn de på www.blimed.no, og gjennom NRK sine sendingar etter som TV-aksjonen nærmar seg.      

Aksjonsdagen er søndag 24. oktober, og det vert i år tradisjonell bøsseinnsamling dør til dør, i tillegg til ei rekke digitale innsamlingsløysingar.  Det trengst ca 120 bøsseberarar, av desse ca 50 i Volda sentrum,  for å dekke alle rodene i Volda kommune.  Kommunekomiteen ber dermed om hjelp frå alle gode krefter for å nå ut til alle husstandar.

Bygdene/grendelaga:

Det er sendt ut oppmoding til grendelagsleiarane i bygdene om å ta ansvar for å organisere innsamlingsaksjonen i sine bygder.  Vi treng tilbakemelding innan 15. oktober

til astrid.gjersdal@volda.kommune.no tlf 917 25 639 eller til servicekontoret, rådhuset, på kor mange bøsser de treng og namn på kven som hentar dei.  Ver tydeleg på kva grendelag det gjeld.

Bøssene til grendelaga i «gamle» Volda og Bjørke må hentast i servicekontoret på rådhuset onsdag 20. torsdag 21. og fredag 22. mellom kl 09.00-15.00.  Bøsser og materiell vert tillaga på førehand og utleverte derifrå samla, og de har ansvar for å dele det ut til dykkar bøsseberarar, samle innatt bøssene og levere dei i Sparebank1 mellom kl 17 og 19 innsamlingsdagen.

Hornindal:

I Hornindal vert Smia utleveringsstad for bøssene, til same tidspunkt. Det er ikkje høve for andre enn dei som skal gå i Hornindal å hente bøsser på Smia. Kontaktperson er Kristine Sofie Orheim Hansen på frivilligsentralen, tlf 415 12 813.

Volda sentrum:

Bøsseberarar i Volda sentrum melder seg på Blimed.no eller ved å ringe 02025.  Bøsse og rodekart vert uttdelt søndag mellom 12.00-15.00 på rådhuset, hovudinngangen.

De vel sjølve når på dagen de vil gå og samle inn, men bøssene skal innleverast på Sparebank1 mellom kl 17 og 19.

Takk for at du stiller opp for TV-aksjonen!

 

Kommunekomiteen Volda, 08-10.2021

Sverre Leivdal                                                                                  Astrid Gjersdal

-aksjonsleiar-                                                                                   -koordninator-