Barnehagedagen 2019

I år var temaet noko av det viktigaste frå norsk barnehagetradisjon, «Eg lurer på…»

Klikk for stort bilete

Arbeidsgruppa for Barnehagedagen 2019 inviterte til Barnehagedagen i Volda tysdag den 12. mars til Volda stadion.

Tema for årets barnehagedag var barnehagen sitt arbeid med barn si undring og nysgjerrigheit. Under slagordet: «Eg lurer på ...».

Ved å være nysgjerrige, spørje, undre seg og utforske lærer barna om verden rundt seg. Gjennom leik, undring, utforsking og skapande aktivitetar skal barna utvikle kunnskap og ferdigheiter innan ulike områder. For å lykkast med det må dei tilsette bruke varierte arbeidsmåtar, og ta utgangspunkt i barnets og barnegruppa sine behov.

Det må vere plass og rom til barn si nysgjerrigheit, og tilsette må klare å fange opp barna sine ulike signal og stimulere til undring og utforsking, skape engasjement, interesse og motivasjon til nye erfaringar, kunnskap og opplevingar. Barnehagen skal vere bevisst på barna sine ulike uttrykksformer og legge tilrette for medverking. Barnehagen skal også legge til rette for foreldresamarbeid og god dialog med føresette.

Klikk for stort bileteAnn-Iren Ulvedal, vikarierande styrar Austefjord barnehage

 

 

Klikk for stort bilete

 

 

 

 

 

Klikk for stort bilete