Barnehagedagen 14. mars 2023 vart markert på ulike stader rundt om i Noreg. I Volda var det stor stas då 120 born samla seg i hallen.
Evy Ulvestad, styrar ved Lauvstad barnehage, Synne Buer, styrar ved Oppigarden barnehage og Frank Bergli, styrar ved Hjellbakkane barnehage, leia arrangementet. Saman med fleire andre tilsette i barnehagane og skulane song og dansa dei saman med alle barna.
Bli kjent med kvarandre før skulestart
Dette arrangementet gav alle barna som skal begynne på skulen til hausten ei unik moglegheit til å treffe kvarandre, og kanskje bli litt kjend på førehand. Målet med arrangementet var å skape ein møteplass for komande førsteklassingar der dei kan treffe dei som skal til same skule, i tillegg til å markere temaet på årets barnehagedag.
Etter fellesaktivitetane vart barna delt inn i grupper tilpassa skulen dei skal begynne i. Då vart det tid for leik og moro.
Det var også med studentar frå barnehagelærarutdanninga ved Høgskulen i Volda. Dei var med på songen og dansen, i tillegg til å hjelpe til på dei ulike postane.
1. klasse barnehagelærar frå Høgskulen i Volda var med på arrangementet.
Volda kommune
Dei vaksne som var til stades, fekk også høve til å bli kjende med dei komande skuleborna. Dei vart oppmoda til å hjelpe til med å gi borna ei minneverdig oppleving og legge grunnlaget for eit godt samarbeid i framtida.
Volda læringssenter var med på arrangementet for å lage mat til alle deltakarane.
Abdalbaset Ishak Ahmad Malik, Mukamusoni Nyarzia, Nina Ulvøy, Ingrid Sund Tømmerås og Maria Adam Hashim frå Volda læringssenter laga lunsj.
Volda kommune
Abdalbaset Ishak Ahmad Malik frå Volda læringssenter laga lunsj i dei flotte kafélokala på Volda Campus Sparebank 1 Arena.
Volda kommune
Til lunsj vart det servert fiskeburgerar som var sponsa av Volda mat AS. Kiwi sponsa oss med eple.
Nina Vedeld Telseth, styrar ved Mork barnehage, framførte eigen song som ho har skrive om barnehagen. Her viser ho fram tromma ho spelte på.
Volda kommune
Barnehagedagen 2023
Eit av hovudmåla med Barnehagedagen i år, er å auke bemanninga i barnehagane. Dei vaksne ønsker å ha fleire tilsette slik at dei kan gje borna ei endå betre oppleving og meir tid til å leike og lære. Slagorda er «liten og stor». Å ha nok tilsette til stades saman med barna er den viktigaste garantien for at barnehagen blir opplevd som ein trygg og samtidig utfordrande stad å vere. I Hurdalsplattforma (2021-2025) står det at regjeringa vil «Forbetre bemanningsnorma slik at ho sikrar barna nok tilsette.» Fleire tilsette i barnehagen vil bidra til at kvart einskild barn blir sett og følgd opp på ein god måte.
Her kan du lese meir om Barnehagedagen 2023 (foreldreutvagene.no)
Markeringa også forankra i lokal plan for Volda
I Volda var arrangementet tilpassa «Plan for samanheng mellom barnehage, skule og SFO-laget rundt barnet» (PDF, 317 kB). I denne planen er det lagt opp til at ein skal ha felles organisering i sentrum for alle skulestartarane i kommunen, knytt til tema for barnehagedagen sentralt.
Det var ein fin dag for alle som deltok.
Tusen takk
Takk til alle som medverka til at vi fekk gjennomført Barnehagedagen 2023 på ein god måte:
Volda Campus Sparebank 1 Arena, Øyra barneskule, Volda ungdomsskule, Volda læringssenter – elevar og lærarar, Høgskulen i Volda - 1. klasse studentar ved barnehagelærarutdanninga, Kiwi og Volda mat AS.