Bli digital bøsseberar for TV-aksjonen 2020

Klikk for stort bilete

Kommunekomiteen Volda oppmodar med dette om å delta i TV-aksjonen, ein dugnad for vår felles framtid. 

Midlane som vert innsamla gjennom årets TV-aksjon skal nyttast til å bekjempe plast i havet. Dei skal bidra til søppelhandteringstiltak, opplæring i teknologi og renovasjon, redusere utslepp av plastavfall til naturen, og bistå bedrifter i arbeidet med å erstatte eingongsplast med meir miljøvennlege materiale. Dette skal skje i dei landa problemet er størst, Thailand, Vietnam, Filippinane og Indonesia.

Denne gongen er bøssa digital, dette for å unngå smittespreiing.  Å bli digital bøsseberar skjer på følgjande vis:  Gå til  https://blimed.no/ og meld deg som digital bøsseberar.  Du/de finn der mange råd og tips til korleis bøssa kan gjerast meir personleg tilpassa dykkar motivasjon for saka, og dermed gjerne ha endå større apell til givarar. Ei bøsse kan gjerast til xx grendelag si bøsse,  xx gate si bøsse, eller xx familie si bøsse.  Kvar bøsse har si eiga unike internettadresse på Spleis, og ein kan gi med bankkort og Vipps. Bruk fantasien og det digitale rommet og la det bli ein konkurranse om å samle inn mest mogeleg pengar til dette livsviktige føremålet! 

Kommunekomiteen oppmodar kvart lag om å verve 3 digitale bøsseberarar, og

at de gir tilbakemelding til kommunekomiteen på epost: astrid.gjersdal@volda.kommune.no, eller tlf 917 25 639 innan 5. oktober om at de deltek i aksjonen.

Vel møtt til årets viktigaste dugnad!

 

Med helsing

Kommunekomiteen, TV-aksjonen Volda