Boring av pelar ved Volda ferjekai

Borerigg ved Volda ferjekai. Foto Statens vegvesen - Klikk for stort bileteBorerigg ved Volda ferjekai. Foto Statens vegvesen

Statens vegvesen skal bore pelar på kveldstid ved Volda ferjekai

Statens vegvesen har sidan i sommar bora pelar i sjøen for ny ferjekai i Volda. Arbeidarane held vanlegvis på fram til kl. 19 på kvelden, men har no behov for å halde på lengre nokre kveldar. Frå måndag 19. november og fram til fyrste halvdel av desember vil det nokre kveldar bli boring fram til kl. 22.
 
-    Entreprenøren skal no i gang med å bore pelar på skrå ned i fjellet. Det er viktig at desse borast utan stopp, og derfor kan det bli kveldar der vi må halde på fram til kl. 22, seier prosjektleiar Olav Megrund i Statens vegvesen.
Arbeidet skal gjerast på kvardagar og vil ikkje halde på lenger enn til kl. 22.
 
Kontaktperson i Statens vegvesen: prosjektleiar Olav Megrund, mobil 952 389 00