Bubilparkering i Volda sentrum

Ved Volda samfunnshus er det etablert bubilparkering.

Klikk for stort bilete B.K.Krøvel  Dette er eit midlertidig tilbod for juli og august.

Bubilparkeringa er i Stormyra, på grusplassen mellom Volda samfunnshus og rådhuset.
Der blir tilgang til straum og vatn.

Betaling kr. 50,- pr døgn. Betalast med vipps til Volda bubilparkering 614671. Merk betalinga med Bubilparkering og bilen sitt registreringsnummer.
Kan også betalast til konto 3991 11 94582.

Vi har ikkje tilgang på tømming. Næraste tømmestasjon er ved Josybuda på Kalvatn, Månanesvegen 267. I Hornindal, ved bensinstasjonen, og i Ørsta mellom småbåthamna og innkøyringa til Alti, Vikeøyrane 4.

Vi håper at dette tilbodet til bubilturistar blir eit positivt innslag i Volda sommarstid.

I Volda er mykje å sjå om ein vil rusle rundt i sentrum.
Kort veg til å gå i Elvadalen og til Volda skatepark og stadionparken på Rotset. Der er klatrejungel, streetbasketbane og treningsapparat. Derifrå kort veg til badeplassen Årneset ved Rotevatnet. Fin tur til bygdetunet Haualeitet, Garvarbuda, småbåthamna og det nye turområdet på Andaneset.

I Volda er opne kafear på kveldstid og helg.
Volda sine butikkar er spesialbutikkar der du kan finne mykje fint.

Klikk for stort bilete B.K.Krøvel  

Klikk for stort bilete B.K.Krøvel