Dalsfjord skule og elevtalet

Klikk for stort bilete

Planprogrammet for samfunnsdelen av kommuneplanen er ute på høyring, og i samband med dette har rektor ved Dalsfjord skule, som ein del av administrasjonen i Volda kommune, orientert FAU og SU om elevtalsutviklinga i skulekrinsen.

Det er uttrykt ei uro for at ei lita elevgruppe vert delt med ein privat skule lokalisert på Ulvestad. Kommunalsjef har vore kjent med orienteringa frå rektor. Problemstillinga er kjent og var oppe som tema på møte i Dalsfjorden i fjor.

Opplysningane som har kome i samband med kommuneplanprosessen har skapt debatt, og kommunalsjef vil ta denne orienteringa vidare til politiske utval i kommunen. Det har kanskje ikkje vore heilt klart kva som skal uttalast i samband med planprogrammet for samfunnsdelen i kommuneplanen. Planprogrammet handlar om organisering av kommuneplanprosessen og framdriftsplan. Problemstillinga som er spelt inn frå oppvekstadministrasjonen ved rektor om elevtalsutviklinga i Dalsfjorden, er ein faktasituasjon og vil verte tema under framtidige planprosessar.

I samband med handsaminga av Tilstandsrapporten for grunnskulen, vil det munnleg bli orientert om elevtalsutviklinga og dei utfordringane ei deling av elevflokken kan gje i framtida.

Tilstandsrapporten for grunnskulen vil bli lagt fram for Tenesteutvalet for oppvekst og kultur den 5. mai.