Dei første covid-19 vaksine er sett i Volda kommune

Elsebeth Melle, seksjoneleiar Kaptein-/Klokkarstova Torsdag 7. januar sette Janne Arntsen og Åse Nedrebø dei 40 vaksinedosene på glade bebuarar i 2. etasje på Volda omsorgssenter. 

Dei første 40 vaksinene som Volda kommune mottok onsdag 6. januar er gitt til bebuarar på sjukeheimen ved Volda omsorgssenter. Det var alle bortsett frå ein som takka ja til å få vaksinen.

Alle vaksinene er sett på pasientane og så langt ser alt fint ut, ingen allergiske reaksjonar, seier Elsebeth Melle, seksjonsleiar Kapteinstova/Klokkarstova.

Første pasienten som fekk vaksina synes sjølv at det gjekk veldig fint og ho kjente nesten ingenting.️ 

Vidare vaksinasjonsplan

Neste veke får vi 25 vaksinerdoser. Desse skal gå til bebuarar på sjukeheimen ved Hornindal omsorgssenter. 5 av vaksinene vert gitt til kritisk helsepersonell som er viktige om smitten aukar. Dei som vert prioritert i første rekke er tilsette ved sjukeheimane, legevakta og teststasjonen.  

Volda kommune følgjer dei nasjonale prioriteringane, og vil gjere justeringar på planane vi har om dei nasjonale prioriteringane endrar seg.

Nasjonale føringar

Tilrådinga frå nasjonalt hald er no at vaksinene første veka skal gå til sjukeheimsbebuarar. Frå og med neste veke skal 20% av vaksinene gå til kritisk helsepersonell.

I påfølgande veke vil vi halde fram med vaksinering på Volda omsorgssenter til alle sjukeheimsbebuarar blir vaksinert. Det er truleg at vi får nok vaksiner i veke 2 til at vi får vaksinert alle som bur på sjukeheim i Volda. 

Deretter vil bebuarar i heildøgns omsorgsbustadar få vaksine. Det er per i dag ikkje klart kor mange vaksiner vi får frå og med veke 3.

Når det nærmar seg at vi får vaksinere aldersgruppa heimebuande over 85 år, vil vi kome med informasjon om korleis innbyggjarane skal kunne bestille seg time til vaksinering. Vi håper vaksineringa av desse kan starte i månadskifte januar/februar.

Kommuneoverlege Inger Lise Kaldhol er veldig glad for at vi no kjem i gang med vaksinering i Volda kommune, og ho har god tru på at vi i kommunen skal klare å organisere vaksineringa på ein effektiv måte. Ho ser veldig fram til at vi har fått vaksinert så mange at det ikkje lenger er naudsynt med strenge smitteverntiltak.

Du kan lese meir om koronavaksinasjonsprogrammet på fhi.no.