Det blir sommarskule!

Elevar i aktivitet på skulen - Klikk for stort bilete

Volda kommune har fått midlar til å arrangere sommarskule for elevar denne sommaren, og har inngått avtale med Forskerfabrikken. 

Tilbodet vert til elevar busett i Volda kommune, fødde i 2009, 2010 og 2011. Det er elevar som neste skuleår skal ta til i 5., 6. og 7. klasse.

Sommarlab, som tilbodet heiter, vil bli tilbode i veke 25, 26, 31 og 32. Elevane kan melde seg på ei av desse vekene, og tilbodet blir gratis.

Vil vil kome attende med meir informasjon om tilbodet og påmelding i midten av mai.

Ved sidan av dette arbeider Volda kommune også for å kunne tilby eit sommarskuletilbod for eldre elevar. Meir opplysningar vil vi måtte kome attende til når tilboda er på plass.