Det gamle gir plass til det nye

Det gamle gir plass til det nye

Volda ungdomsskuleRivearbeida har teke til for å gje plass til ny ungdomsskule. I første omgang er det gymsalane og fløya med spesialrom som må vike plass.

Då bygget var nytt i 1960 var namnet Øyra skule, og avisa Møre skreiv i si utgåve 21.03.1961 mellom anna: Etter 50 års planlegging, krigshindring og bygdestrid var verket endeleg fullført.

Elevtalet i Volda sentrum auka utover 1900-talet, og behov for ny og større skule melde seg snart. I 1923 fekk ein leige gamleseminaret på Engeset, og Lærarskulen skipa sin eigen øvingsskule i 1932. Dette avhjelpte situasjonen. Planlegging av ny skule heldt likevel fram, og fleire tomter vart diskutert. I 1916 var planen å bygge der rådhuset står i dag.

Etter 2. verdskrig vart ei nemnd nedsett, som kom fram til at Røysbakkflata burde vere skuletomt. Gjennom fleire vedtak i 1950 og 1951 vedtok kommunestyret å bygge på denne staden, men det tok fire år før arealet vart frigjeve.

Romprogramnemnd vart valt i 1953, med skulestyreformann Hallvard Nerbøvik som formann, medan ei førebuingsnemnd vart valt i 1955 med advokat Olav Standal som formann. Arkitekt Ivar Bjordal kom med fleire framlegg til planløysing.

Byggenemnda vart nedsett i 1957 med disponent Hans Driveklepp som formann. I 1958 kunne det lysast ut arbeid på råbygget, som gjekk til firmaet Myren og Braute. Vidare arbeid vart sett vekk til mange lokale underentreprenørar:

Lokale underentreprenører ved bygging av Volda ungdomsskule
Type arbeid Namn
Mur- og pussearbeid Ivar Åmbakk
Målararbeid HJarald Helø og Hans Driveklepp
Rørlegging og sanitær Welle og Brænde
Blikkenslagerarbeid Brødrene Lundberg
Glasarbeid Øyvind Olsen
Smedarbeid Brødrene Humberset

I arbeidet med skulen, er det ein person som bør nemnast særskilt, skulestyrar Nils Flø. Han var med i dei fleste nemnder, og han var den som losa oppstarten i den nye skulen vel i hamn.

Anlegget kosta 2,6 millionar kroner pluss 200 000 kroner til utstyr.

Vigslingsfesten vart halde laurdag 18.03.1961, og det er verd å merke seg at opptak frå festen vart kringkasta over riksnettet søndag 19.03 frå kl 13.20 til kl 14.05.

Volda kommune starta innføring av 9-årig skule i 1970, og ungdomsskulen byrja å ta stor plass. Ny Øyra barneskule stod difor ferdig i 1977, og frå då av heitte skulebygget som no skal erstattast Volda ungdomsskule.

Tekst henta frå delar av Per Ytrestøl sin artikkel: Frå Øyra skule til Volda ungdomsskule

Rivearbeid ved Volda ungdomsskule