Det vert Grøn festival i Volda 19. november

Bilete av Grønt forum. Frå venstre: Wendi Stråbø, Ingrid Opedal, Anne Mette Farstad, Iren Aambø og Trude Nordal.  - Klikk for stort bileteFrå venstre: Wendi Stråbø, Ingrid Opedal, Anne Mette Farstad, Iren Aambø og Trude Nordal. Grøn festival

Festivalen går føre seg på Volda samfunnshus laurdag 19. november frå kl 12-16. Mindre forbruk – bra for deg, bra for miljøet!

Program for Grøn festival 2022

Standar, bruktsal, aktivitetar og kafe heile dagen
Program for Grøn festival 2022
Klokka: Innlegg:
12.00 Opning ved ordførar Sølvi Dimmen
12.05 Volda Ørsta korskule med dirigent Marit Lid Skorstad
12.15 Mari Halse Einang, medlem av regjeringa sitt Klimautval 2050
13.00 Karen Tømte, RESIRKULA Hamanr
13.15 Marte Dreier Haldorsen
14.00 Anne Mette Farstad, Volda Ørsta reinahld
15.00 Kishore Gajendra, Tekstilindustrien i Indian sett i norsk og europeisk samanheng
15.20 Fast fashion-filmen
16.00 Avslutning

Arrangørane håpar også at nokon vil lage sitt eige bruktsal. Grønt forum, som består av Framtiden i våre hender, Naturvernforbundet, Fairtrade og Green fingers. VØR er ein god samarbeidspartnar.

Mindre forbruk – bra for deg, bra for miljøet!

Laurdag 19. november, veka før Black week med alle sine handletilbod, vert det Grøn festival med fokus på gjenbruk, gjenvinning og reparasjon på Volda samfunnshus. -Vi planlegg masse aktivitetar for både små og store, inkludert bruktsal, fortel arrangørane i Grønt forum, Ingeborg Kristvik, Iren Aambø, Trude Nordal, Wendi Stråbø og Ingrid Opedal.

Programmet består av  faglege innlegg, standar, kultur, mat og bruktsal. Hovedinnlegget er det Volda-jenta Mari Hasle Einang som skal ha. Ho er yngste medlem i Regjeringa sitt klimautval 2050, og vil snakke om korleis klima og forbruk heng i hop. Karen Tømte frå Resirkula vil fortelje om bruktbutikk-senteret dei har fått til på Hamar, og Marte Drejer Haldorsen om sin smarte brukthandel – Kirppis i Elnesvågen. Anne Matte Farstad frå VØR vil snakke om kva dei gjer for å gjere avfall til ressurs, og Kishore Gajendra deler inntrykk frå  kleproduksjon i India. Etter innlegget hans vert det vist ein film om kleindustrien; Fast fashion.

Ordførar, korskule og syrisk mat

-Vi er svært glade for at ordførar Sølvi Dimmen vil opne dagen, og at elevane i Volda Ørsta korskule vil synge to miljøsongar til oss. Det er jo framtida deira det handlar om! Sambygdingar frå Syria vil selje mat i kafeen, i tillegg til andre godsaker. For borna vert det standar med ulike aktivitetar, i tillegg til noko godt å kjøpe i kafeen.

Bakgrunnen for arrangementet er at vi forbrukar ressursar over evne. Visste du at verdas overforbruksdag i år fall på 28. juli? Då hadde vi brukt opp jordas fornybare ressursar for 2022, og nok ein gong gått over til å forsyne oss frå jorda på kreditt. Vi klarar ikkje å halde oss innanfor tolegrensene til planeten, og vi i Noreg er verstingar. Vår eigen overforbruksdag kom allereie 12. april.  Mesteparten av det vi kjøper, hamnar på dynga. Dersom alle skulle hatt like høgt forbruk som nordmenn, ville vi ha trunge 3,6 jordklodar. Slik kan det ikkje fortsetje, skriv arrangørane.

Korleis får vi det til?

Det betyr at vi må bli flinkare til å ta vare på ressursane. Vi må kjøpe kvalitet, vi må ta vare på, reparere og sortere slik at avfallet kan gjenvinnast. Det håpar vi å formidle ein del idear om denne dagen. VØR vil ha stand med informasjon og sorteringskonkurranse, med fin premie. BUA vil fortelje om kva dei kan låne ut. Skomakar Lisbeth Taklo frå Eid kjem for å fortelje kva ho driv med, og ho kan også ta med eventuelle sko, vesker etc som treng reparasjon. Milan Ilic vil gje gode råd om korleis unngå matsvinn, Iren Aambø demonstrerer korleis ein kan lage julepynt av plast, og Ingeborg Kristvik viser døme på korleis ein kan lage nytt av brukt og korleis kleda kan bøtast på kreative måtar. X2 recycle lagar «merch» av gjenbruksklede- og materiale. Dei tek imot gamle klede og handkle på standen sin, di meir «bestefar», di betre, seier dei!   

 I år vert det diverre ikkje Julemarknad på Maurtua/ Gamlegymnaset, men kanskje ein kan finne meining i å gje gåver innanfor gjenbruk og redesign?

Bruktsal

Det finst mange måtar å kjøpe brukt på; gjenbruksbutikkar, Finn, Bytte-bruktsider, garasjesal, bagasjeromsal osb. Vi ynskjer denne laurdagen å invitere folk som har noko dei vil selje til å ta det med til Samfunnshuset. -Vi ordnar eit bord til kvar, men ein må sjølv stå for utstilling, sal og opprydding. Vi ber dei som er interesserte i å delta ta kontakt med ein av oss i gruppa, ev. legge inn melding på Facebooksida til Grønt forum, seier arrangørane, som håpar mange vil setje av dagen og ta turen til Samfunnshuset.

 

STANDAR PÅ GRØN FESTIVAL 19. NOVEMBER 2022

  • X2 recycle – LAGAR «MERCH» AV GJEBRUKSKLEDE-OG MATERIALE – TEK GJERNE IMOT BRUKTE KLEDE
  • GRUPPE STUDENTAR FRÅ HØGSKULEN
  • VOLDA ØRSTA REINHALDSVERK-OM SORTERING AV AVFALL, SORTERINGSKONKURRANSE MED FIN PREMIE
  • SKOMAKAR LISBETH TAKLO FRÅ NORDFJORDEID – TEK IMOT TING SOM SKAL REPARERAST (MÅ HENTAST PÅ EID)
  • KIRPPIS – BRUKT PÅ NYTT - LOPPESUPERMARKNAD
  • INGEBORG KRISTVIK – REDESIGNPRODUKT OG TIPS OM REPARASJONSTEKNIKKAR
  • MILAN ILIC – KORLEIS UTNYTTE MATEN BEST MOGLEG?
  • BUA VOLDA – UTLÅNSSENTRAL
  • FRAMTIDEN I VÅRE HENDER SØRE SUNNMØRE
  • NATURVERNFORBUNDET ØRSTA VOLDA
  • FAIRTRADE VOLDA ØRSTA
  • I TILLEGG VERT DET AKTIVITETAR FOR STORE OG SMÅ, DER EIN KAN LÆRE Å LAGE NYTT AV BRUKT

BUA Volda

Ein av kommunen sien utlånssentralar er med på stand denne dagen. BUA Volda held til i Telebygget (inngang frå oppsida) og har til gratis utlån mykje bra sports-og fritidsutstyr. På BUA kan du låne det du vil, heilt gratis. Sjekk ut kva vi har i www.bua.io, og/eller stikk innom og finn det du treng.  Alle som låner må ha ein låneprofil i BUA, denne oppretter du fort og greit her: bua.io/registrer

Hornindal utstyrsbank

Vi har også Hornindal utstyrsbank, som held til i Grobygget ved badestranda på Grodås. Du kan låne det du treng, det er heilt gratis! Vi har eit breidt utval tur og friluftsutstyr, blant anna ulike typar telt, soveposar, skøyter,truger og ski for store og små.  Komplett liste over utstyr finn du på Honndalsportalen, sjå under Hornindal utstyrsbank: http://www.hornindal.com/lag-og-organisasjonar

Utstyrsbanken har ikkje faste opningstider. For å låne utstyr tek du kontakt med Hornindal frivilligsentral i kontortid måndag-fredag kl. 08.00-15.30 og avtalar tid for utlån. Her finn du også meir informasjon om Hornindal utstyrsbank.