Dette er turane for Stikk Ut! 2022

Dette er turane for Stikk Ut! 2022

Av 18 turar er det heile 13 nye turmål denne sesongen, og det skal vere ein tur for ein kvar smak og behov.

  • Noko som set litt kjeppar i hjula for opninga av alle turane samtidig 1. mai, er dei store mengdene med snø som har kome denne vinteren. Nokre av turane har av den grunn fått utsatt sesongstart. Tenkt opningsdato står i turlista under. Det kan kome endringar knytt til tenkt opningsdato. Dette vil bli registrert på https://www.stikkut.no/, og ein kan følge med på oppdateringar der. På dei turane det er utsatt opningsdato, er det ikkje høve til å registrere turen på Stikk Ut! før den opnar offisielt.

Oversikt over turane, nye for sesongen og dei som får utsett opning:

 

  • Blåfjellet og Mørkevatnet i Bjørkedalen (ny) - Opning 15.mai
  • Blåfjellet/Sandhornet (ny) - Opning 15.mai
  • Elvadalen til Årneset
  • Fyrdsheida (ny)
  • Gapahuken på Lid (ny)
  • Helgehornet - normalruta (ny)
  • Hornet (ny) Opning 8.mai
  • Kalsethola
  • Kongsviksætra og Svorasætra (ny)
  • Koppefjellet frå Rotevassætra (ny)  - Opning 8.mai
  • Kornbergveten (ny) Opning 15.mai
  • Melshornet frå Klatrevegen i Bratteberg (ny)
  • Middagsfjellet/Øyanibba (ny) -  Opning 15.mai
  • Panoramavegen i Volda
  • Rotsethornet
  • Skåla (Velsvik-/Vedeldskåla) (ny) - Opning 15.mai
  • Sledalen- Bakkedalen (ny) - Opning 15.mai
  • Vardehornet - Opning 15.mai
  •  

Manglar favoritturen din?

Dei nye turane er valt ut etter innspel frå innbyggarane i kommunen. Engasjementet er høgt i Volda og det kom inn over 50 innspel på flotte turmål. Av desse blei det i år valt ut 18 turar frå gjeldande retningsliner laga av Sunnmøre Friluftsråd. Dei nye turane blei lansert 20. april.

Har du ein tur du vil ha med i Stikk Ut! er det viktig at den er registrert i morotur.no først. Du kan gå inn på nettsida morotur.no og sjekke om turen er registrert der. Om ikkje anbefaler vi å lage deg ein brukar på nettsida. Med ein registrert brukar får du anledning til å lage ein turbeskriving av turen. Denne turbeskrivinga sender du vidare til godkjenning hjå ein administrator i morotur. Dersom noko manglar, får du tilbakemelding om endringar som må gjerast. Når turen er godkjent blir den lagt ut tilgjengeleg for alle på morotur. Det er blant anna viktig å ha eit godt samarbeid med grunneigarar i høve dei ulike turmåla. Når ein tur har blitt godkjent, kan denne turen nyttast i Stikk UT!

Det gode samarbeidet

Stikk Ut! er eit samarbeid mellom Sunnmøre Friluftsråd, Volda kommune, frivillige, lag og organisasjonar, grunneigarar og andre som gjer at dette er mogleg å få til. Utan velvilje, hjelp og godt samarbeid frå alle dokke som bidreg med stort og smått, hadde ikkje Stikk Ut! vore muleg. Tusen hjarteleg takk til alle som ein, dette arbeidet er verdifullt og har store ringverknadar!

Då gjenstår det å ønske alle ein riktig god og aktiv ny Stikk Ut! sesong! Minner på tampen om Stikk UT! reglane og allemannsplikta.