Direkteoverføring av kommunestyremøte

Torsdag 14. februar  skal det vere møte i valnemnda og kommunestyret.  

Klikk for stort bilete

Vi minner om at kommunestyremøtet vert overført på web-tv.

Før kommunestyret startar sitt møte skal det vere møte i valnemnda kl. 12.30 på møterom Voldsfjorden på Volda rådhus. 

Desse sakene skal til handsaming i valnemnda:

  • Val av nye varamedlemer i kontrollutvalet
  • Fritak frå politiske verv - Uthman Abuharbid
  • Val i Tussa Kraft AS – 2019
  • Fritak frå verv som meddommar i Søre Sunnmøre tingrett - Bodil Flem
     

Klokka 14.00 skal det vere møte i kommunestyret. Dette møtet skal vere i førsta etasje på Volda samfunnshus.

I kommunestyret er dette nokon av sakene som skal til handsaming:

Møtet startar med orienteringssak om "Voldaprosjektet - psykisk helse hos barn i barnehagen"

Politiske saker er m.a.:

  • Skulekrinsar i nye Volda kommune
  • Vidare prosess med kino og kulturhus i Volda sentrum
  • Økonomistyring 2019
  • Aksjon for nytt osteoporoseapparat ved Volda sjukehus
  • Volda Campus Arena - kommunal deltaking i prosjektet
  • Rettleiar for leike- og aktivitetsområde
  • Fritak frå eigedomsskatt i 2019 etter § 7
  • Busetjing av flyktningar i 2019
  • Utgreiing av å halde barnetrygd utanfor berekningsgrunnlaget for økonomisk sosialhjelp
  • Sluttført prosjekt med sluttrapport, "Utbetring Botnavegen"

Her er link til saksdokumenta: https://innsyn.ssikt.no/volda/Dmb/ShowDmbDocument?mId=1589&documentTypeId=MI

Kontakt

Sonja Håvik
førstekonsulent
E-post
Telefon 70 05 88 82
Mobil 928 89 326