Ekstra midlar til den lokale koronapakken

Klikk for stort bilete

Volda kommune får 513.000 kroner ekstra til den lokale koronapakken som kommunane sjølve deler ut.

 Midlane skal gå til dei som fell utanfor dei generelle kompensasjonsordningane. 

Stortinget løyvde  tidlegare i år 1,75 milliardar  kroner  til lokale koronapakkar. I første omgang vart ein milliard fordelt til kommunane, no kjem dei siste 750 millionane.

I slutten av februar fekk Volda kommune 950.000 kroner frå den fyrste potten til fordeling. Desse midlane har vore lyst ut, og formannskapet skal gjere fordelinga på  møtet 4. mai.

No vert dei nye midlane lyst, men alle som søkte i første runde vert også med vidare. Dei treng difor ikkje søke på nytt.

Tildelinga er i denne omgang spesielt retta mot overnatting- og serveringsbransjen og vinteraktivitetar som særleg er ramma av smitteverntiltaka. Med søknadsfrist 30.04, vil ein av endeleg søknadsmasse kunne sjå dei to tildelingane meir i samanheng.

Tildelingane vil verte gjort av formannskapet etter tilrådingar frå Volda næringsforum, Sunnmøre kulturnæringshage og kommunedirektør.

Søknadsskjema: Koronatilskot til lokale verksemder - ny tildeling med frist 30. april

Det var 16 søknader på den første utlysninga.

Kontakt

Asbjørn Moltudal
rådgjevar
E-post
Mobil 975 15 225