Eli-Mette Lüthcke ny rektor ved Bratteberg skule

Eli-Mette Lüthcke vert ny rektor ved Bratteberg skule frå 01.08.2019.

Klikk for stort bileteEli-Mette Lüthcke

Lüthcke tek over ansvaret etter Norunn Lindvik Velsvik, som tek til i ny stilling i Herøy kommune.

Lüthcke har vore rektor ved Vikebygda skule sidan 1993, og er soleis ein særs røynd rektor.
Vikebygda og Bratteberg skular vert samlokalisert frå 01.08.2019, og Lüthcke går inn i eit spanande arbeid med å sveise dei to skulane saman.

Vi ynskjer Eli-Mette og Norunn lykke til i møte med nye utfordringar.