Det er oppretta ei gruppe på volda.friskus.com og ei på Facebook. I desse gruppene vil vi koordinere frivillig innsats i samband med mottak og busetting av flyktningar. Aktuelle oppdrag for frivillig innsats vil bli lagt ut i desse gruppene.
Vi har ikkje fullt ut oversikt over omfang og behov for frivillig innsats, samtidig er det ynskjeleg å få ei oversikt over frivillige vi kan kontakte.
Døme på aktuelle oppgåver vi treng hjelp til kan vere:
- - fadder/støtteperson
- - praktisk hjelp/dugnadsarbeid
- - innsamling av utstyr
- - språkhjelpar
- - hjelp til å bli kjend i lokalsamfunnet
Både enkeltpersonar og frivillige lag og organisasjonar kan melde seg inn i gruppene.
Du melder deg enkelt inn i ei eller begge gruppene her:
Uansett kva du ynskjer å bidra med takkar vi for at du melder deg inn i ei av gruppene! Vi set stor pris på engasjementet, og tek kontakt når vi har konkrete oppgåver som må løysast.
Koordinator for dette arbeidet er Kristine Sofie Orheim Hansen, avdeling kultur.
Om du treng hjelp, kan du ta kontakt med folkehelsekoordinator Mona Helen Kile: mona.kile@volda.kommune.no
Dette er det behov for no:
Mange har teke kontakt fordi dei ønskjer å gje vekk utstyr som kan kome til nytte for flyktningane. Vi har sett opp ei liste over det vi treng per i dag, sjå under. Vi ønskjer ikkje å ta imot kle endå, det vert arrangert innsamling for det seinare. Vi er svært takknemlege for alle bidrag!
Innlevering skjer i morgon, torsdag 12.5, mellom kl 15.30 - 19.00 i Sjukehusvegen 6B i Volda.
Alt som vert levert må vere heilt, i orden og reint. Vi forbeheld oss retten til å ikkje ta imot dersom ting ikkje er i orden, eller vi ser at det ikkje er egna til formålet.
Spørsmål? Ta kontakt med Kristine Sofie, 41512813
- Sengeteppe
- Gardiner
- Dukar
- Gulvtepper/filleryer
- Pynteputer og pledd
- Servise (minst 4 like)
- Kjøkenredskap
- Mikro og vannkokar
- Lite kjøleskap og liten frysar
- Støvsuger
- Lamper til bord, nattbord og golv
- Grøne inneplantar som treng lite stell
- Blomsterpotter store og små (inne og ute)
- Jordsekkar og uteplantar
- Inne- og uteleikar til barn i alle aldrar
- Leikematte til baby
- Syklar, sparkesyklar, skateboard o.l. Må vere med gir til vaksne.
- Sykkellås
- Hjelmar
- Fiskestenger
- Hobbyting (perler, puslespill, plastalina, skrive- tegne- og malesaker)
- Enkle barnebøker (Mykje bilder, lite tekst)
- Hygieneartiklar til barn og vaksne, må vere uopna (shampo, kremer, deodorant, bind, kremer, toalettmappe o.l)
- Matboksar og drikkeflasker
- Fungerende PC/ smarttelefon/iPad ( med ladar)
- Plakatar (fotballl, kjente band)
- Nøytrale bilder til vegg
- Gitar
- Møbler: Må helst kunne leveres. Send melding med bilde til 91790347 først, vi kan ikkje ta imot alt muleg.
- Sofa
- TV-bord
- Nattbord
- Skrivebord
- Spisebord og stolar
- Skohylle
- Trådkorger
- Kommode
- Skjenk