Er du klar for å jobbe med det mest dyrebare vi har – barna våre

Klikk for stort bileteLæring Joakim Rødven Volda kommune søkjer no etter barnehagelærarar og lærarar frå august 2019.


Som søkjar til kommunen vår identifiserer du deg med kommunen sine verdiord som er 
raus, modig, kompetent og lærande. 
Vidare er du ein som oppfyller forventningane våre om høg relasjonskompetanse, er ein god læringsleiar og kan faget ditt. Du er ein person som er oppteken av å anerkjenne og verdsetje barnet, samtidig som du veit å setje gode, trygge grenser. Med deg som barnehagelærar eller lærar, opplever barnet at du er ein autoritativ vaksen som er glad i han eller ho!

Høyrest dette ut som noko for deg? Klikk deg vidare for full annonsetekst, og søk i dag!

Ledige stillingar i Volda kommune

Volda kommune har også ledig lærlingestillingar i:
Helsearbeidarfaget,
Barne- og ungdomsarbeidarfaget og
Institusjonskokkefaget.

Vidare har vi ledig ei ingeniørstilling og ei stilling for fagarbeidar/driftsoperatør vatn og avløp.