Er du ungdom og treng pengar til eit prosjekt?

Klikk for stort bilete

Ungdomsrådet gir pengar til nye prosjekt som engasjerar ungdom i Volda Kommune!

Søknadsfristen er 01.11.2020. Søknadsskjema finn du her.

 

Retningslinjer for ungdomsmidlar i Volda

 

  1. Ungdomsrådet i Volda har sett av eit beløp som vert kalla ”Ungdomsmidlar i Volda”. Storleiken på beløpet vil årleg verte regulert av dei kommunale tildelingane til ungdomsrådet.
  2. Tilskot frå ungdomsmidlane vert gitt til nye prosjekt som stimulerer til ungdomsengasjement i Volda kommune. Det vert ikkje gitt støtte til løn og faste driftsutgifter.
  3. Søknad skal sendast til ungdomsrådet på eige skjema som vert lagt ut på facebook sida til Volda ungdomsråd, www.volda.kommune.no eller servicekontoret på Rådhuset i Volda. Skjema vert også sendt ut til skulane i kommunen når midlane vert marknadsført.
  4. Ungdomsrådet skal marknadsføre søknadsfristen til midlane i god tid før tildeling. Saka vert lagt fram utan tilråding.
  5. Ungdomsrådet skal sende ut tildelingsvedtak omgåande etter møtet. Vedtaket skal også opplyse om frist for bruk av tildelte ungdomsmidlar og frist for innrapportering av bruken.
  6. Tildelte midlar vert først utbetalt når mottakaren kan dokumentere at prosjektet er i gong eller investering er gjort.
  7. Utbetalte midlar som ikkje har vert brukt i tråd med tildelinga, eller der innrapportering om bruken ikkje er tilfredsstillande, vert kravd tilbakebetalt.
  8. Ungdomsrådet vil fylgje opp prosjekt som det vert gitt støtte til og har rett til å ta tilbake utstyr som er innkjøpt frå midlane dersom det ikkje vert nytta til det planlagde føremålet.