Er du vår nye biblioteksjef?

Etter imponerande 37 år og ein månad som biblioteksjef, har Tove Aurdal Hjellnes pensjonert seg. Vi er difor på jakt etter ny biblioteksjef. Søknadsfristen er 05.02.23

Tove skriv på biblioteket si Facebook-side at det har vore eit privilegium å få arbeide med og for voldasamfunnet, å følgje generasjonane av bibliotekbrukarar, samarbeide med lag, foreiningar, skular, andre kommunale tenester – og ikkje minst eit mangfald av voldingar, om å lage eit best mogleg bibliotektilbod i Volda. 

Vidare skriv ho at ho takkar alle ho har møtt og som har vore med på å fargelegge alle kvardagane og alle arbeidsdagane, og gjort dette til ein ualminneleg meiningsfull jobb! Ein biblioteksjef må kjenne samfunnet og kommunen ho virkar i, og det har ho fått god hjelp til av rause voldingar generelt, og bibliotekbrukarar spesielt - som stiller krav og deler av det dei kan. 

Tusen takk for lang og tru teneste, og den gode jobben du har gjort for Volda kommune og alle som har besøkt biblioteket, Tove! 

Er du personen vi leitar etter?

Er du fagleg dyktig og lyst til å hjelpe bibliotekbrukarane? Vil du bidra til at biblioteket vert ein sentral, relevant og populær kulturarena for alle aldersgrupper?

Då er dette stillinga for deg. Vår nye biblioteksjef er god på arrangement og formidling, og ser moglegheitene digitale verkty gjev. 

Folkebiblioteket i Volda ligg i sentrum av Volda, med ein filial i Hornindal, og har til saman 3,6 årsverk. Næraste nabo til begge lokasjonane er kulturarena med mellom anna ungdomsklubb, utlånssentral, aktivitetslokaler og kino. Vår nye biblioteksjef kjenner begeistring med tanke på kva moglegheiter det gjev. 

Vi ser etter ein leiar som er god til å bygge relasjonar og nettverk, som stimulerar til samarbeid og køyrer gode prosessar, og som utfordrar oss og skaper utvikling. 

Les meir om stillinga og søk her.

Tove Aurdal Hjellnes, tidlegare biblioteksjef i Volda kommune ombord i ein båt ute på sjøen. - Klikk for stort bileteTove Aurdal Hjellnes, tidlegare biblioteksjef i Volda kommune. Privat