Fagdag om negativ sosial kontroll

Klikk for stort bilete Piqsels/Creative Commons Arbeidet mot negativ sosial kontroll er eit satsingsområde for myndigheitene. Tysdag 18. februar inviterer Volda Læringssenter til fagdag om temaet.

Med negativ sosial kontroll meiner ein ulike former for overvaking, press, trugslar og tvang som skal sikre at enkeltpersonar lever i tråd med familien eller gruppa sine verdiar og normer.

Kontrollen kjenneteiknast ved at den er gjentakande og systematisk. Tvangsekteskap og omskjering er kjende og alvorlege utslag av negativ sosial kontroll.

Ved Volda Læringssenter får flyktningar grunnleggjande norskopplæring og innføring i det norske samfunnet.

Tysdag 18. februar arrangerer læringssenteret fagdag med negativ sosial kontroll som tema og inviterer både læringssentra på søre Sunnmøre, tilsette og andre interesserte.

Barnevern, politi og skular er også inviterte.

Tid og stad

Fagdagen vert på Øyra skule (store amfi) i Volda. Arrangementet vert tysdag 18.02.20. mellom klokka 0900-1500.

Fagdagen er gratis og det blir servert kaffi og noko attåt gjennom dagen. Det er moglegheit å kjøpe seg lunsj i kantina på høgskulen, som ligg like ved Øyra skule.

Påmelding

Dersom du er interessert i å delta på dagdagen, kan du ta kontakt med med Thomas Bergset Mandal per e-post: thomas.bergset.mandal@volda.kommune.no.

Program

0900 Velkommen 
0915 «Negativ sosial kontroll - eit migrasjonsperspektiv». (Førsteamanuensis i sosialfag Høgskulen i Volda, Jarle Pedersen)
1015 Pause
1030   Myndighetenes arbeid med negativ sosial kontroll. Drøfting/refleksjon i plenum. (Minoritetsrådgiver i IMDI Møre og Romsdal, Arnstein Søvik)
1200    LUNSJ
1300  Presentasjon ICDP. Foreldreveiledning. (Sertifiserte foreldreveiledere; Abdijabar Abokar,     Mao Déogratias og Palma Kristin Håvik)
1400 Refleksjon i plenum.
1445 Oppsummering 
1500  Slutt