Familiekveldstur med friluftsrådet

Klikk for stort bileteFriluftsrådet inviterer til familiekveldstur i Volda 19. november Ole Lennart Øye Vassbotn Tysdag 19. november kan du bli med friluftsrådet på familiekveldstur i Volda.

Turen vil starte klokka 18.00 med oppmøte ved vasshuset. Endeleg destinasjonen vil verte Heltnelihuken. 

Framme ved stoppestaden vil det verte servering av kakao og kulturelle innslag kring bålet.

Arrangementa er familievenlege og opne for alle og det er berre å møte opp. Påmelding er ikkje naudsynt. 

Turen vil vare i om lag 2 timar, men det er høve for å dra heim både tidlegare og seinare - alt etter kva som passar for den enkelte.

Ta med

  • Varme klede
  • Sitjeunderlag
  • Kopp
  • Hovudlykt

Kart