Får EU-midlar til gratis WiFi-utbygging

Klikk for stort bileteVolda er blant 3400 kommunar i Europa som får 150.000 kroner frå EU til å setje opp gratis internett til innbyggjarar.

Midlane vert delt ut i samband med prosjektet WiFi4EU.

Dette prosjektet ynskjer å fremje gratis WiFi-tilkopling ved offentlege område over heile Europa, som til dømes i parkar, offentlege bygg, bibliotek, helsesenter og museum.

Ulstein er også blant dei 54 norske kommunane som får midlane på €15.000 (ca. 150.000 kr), i tillegg til at Herøy fekk tilsvarande midlar hausten 2018.