Felles innsats mot koronasmitte i sommar

Klikk for stort bileteDet er sommar og ferietid. Folk reiser meir og mange er på besøk i Volda.

Felles innsats i sommar

No når samfunnet opnar opp meir er det ekstra viktig at alle gjer ein felles innsats for å hindre smittespreiing. Når dei nasjonale påboda er lempa på, er ansvaret i større grad overført til kvar enkelt av oss. Ikkje alt verkar like logisk og det er forståeleg at vi stiller spørsmål om kvifor det eine er lov når andre ting ikkje vert opna opp. Det er lett å tenke at ein ikkje treng å ta råda like alvorleg som før og begynne å gjere sine eigne vurderingar. Eg oppmodar deg likevel om å vere lojal og halde fram dugnaden gjennom sommaren. Dette kan vere avgjerande for ein god haust.

Utanlandsreiser. Den 15. juli opna regjeringa grensene mot land som har tilstrekkeleg lav smittespreiing. Med auka reiseaktivitet, særskilt over landegrensene, er det auka fare for smittespreiing. Det er difor ekstra viktig at alle tek ansvar for seg sjølv og andre ved å fylgje dei generelle smiteverntiltaka. Hald avstand, vask hender og hald deg heime om du er sjuk.

Ferie og fritidsreiser. Det er ferietid og grensene er opna. Folk vil reise og omgås andre meir enn ein gjer til vanleg. Vi veit ikkje kven vi møter og kvar dei har vore. Fleire menneske vil ha felles kontaktflater, noko som vil auke sjansen for å spreie smitte. Det er viktig at alle tek ansvar og gjennomfører reiser på ein slik måte at ein unngår auka smittespreiing. Det gjer ein ved å fylgje dei generelle smittevernråda. Vaske hender, halde avstand og bli heime om ein er sjuk.

Lokalsamfunnet. Dei som er heime, om ein har ferie heime eller det er vanleg kvardagsliv, må også vere ekstra påpasselege. Turistar og ferierande kjem til Volda og kan potensielt ha med seg smitte frå andre stadar.

Dei same grunnleggande prinsippa for smittevern er difor like gjeldande både ved ferie- og fritidsreise og her heime:

  • God handhygiene
  • Halde avstand til andre enn husstanden 
  • Sjuke personar skal halde seg heime

Stadar med potensiell smittefare

Alle berøringsflater som, heisknappar, lysbrytarar, kodelås på dører, betalingsterminalar, kollektivtransport, stoppknapp, sikkerheitsbelte, ulike handtak, kraner på vaskar, armlene, tastatur,  mobiltelefon, leikeapparat og så vidare.

Samlingar 

Det er framleis sett ei grense på 200 personar for offentlege samlingar. For private samlingar er rådet framleis ikkje meir enn 20 personar.

Matservering frå buffet

Forbodet mot matservering frå buffet er oppheva.  Folkehelsedirektoratet, Helsedirektoratet og Mattilsynet har i denne samanheng laga smittevernråd til verksemder som tilbyr matservering frå buffet. Mellom anna skal serveringsstadane redusere tal på felles kontaktpunkt og ha hyppig reinhald av desse. Råda er å finne på fhi.no. I tillegg til dei meir spesifiserte råda gjeld dei grunnleggande smitteverntiltaka også her.

  • Sjuke personar må halde seg vekk frå buffeten
  • Alle må halde god avstand til kvarandre
  • Gjestar og tilsette må praktisere god handhygiene

Reglar for besøk ved bemanna omsorgsbustadar for eldre (PDF, 716 kB) og institusjonar

Reglane er her dei same som før og vi ber om at dette vert respektert. Mange av bebuarane er i risikogruppe og er sårbare for smitte av covid 19. På grunn av smittefare og omsyn til smittesporing ber vi om forståing for at vi må ha oversikt over kven som går inn og ut av dørene. Alle som skal på besøk må difor ta kontakt med personellet og fylgje rutinane for besøk. 

Testing for koronavirus

Alle med symptom på forkjøling, feber og luftvegsinfeksjon kan gjere avtale om testing. Ring Volda legesenter på telefon: 70 05 89 00 - på kveld tlf: 116 117 for å få avtale.

 

Då håper eg at du får ein fortsatt god sommar og at du får nyte sommaren samtidig som du held ut og følgjer smittevernråda!

Med ynskje om ein god og smittefri sommar!

 

Sølvi Dimmen

ordførar i Volda

Smittevernsymbol - Klikk for stort bilete