Folkemøte om kommuneplanen sin arealdel

Klikk for stort bileteArealdel

Det vert invitert til folkemøte rundt om i kommunen med orientering om forslag til kommuneplanen sin arealdel. 

Er du opptatt av korleis arealet i kommunen kan nyttast og kanskje spesielt i det området der du bur? Har du planar for framtidig utbygging, eller er det stadar vi bør ta vare på slik dei er, og unngå utbygging? Då bør du komme på eit av folkemøta og få orientering om forslaget til ny arealdel for kommunen.
Merknader til planforslaget må sendast til kommunen innan 10. september.
Merknader må vere skriftlege og sendast til postmottak@volda.kommune.no eller Volda kommune, Stormyra 2,  6100 Volda.

I lenka under finn du meir informasjon om forslag til ny arealdel.
Høyring - kommuneplanen sin arealdel 2018-2030

Det vert folkemøte på følgjande stader:

Mork skule                  tysdag 27. august          kl. 18.00 – 20.00
Folkestad skule          torsdag 29. august       kl. 18.00 – 20.00
Dalsfjord skule           måndag 2. september kl. 18.00 – 20.00
Volda samfunnshus   tysdag 3. september   kl. 18.00 – 20.00
Austefjord skule         torsdag 05. september kl. 18.00 – 20.00

Det vert open kontordag på Volda rådhus måndag 09.september kl. 12.00 – 15.00.
Her vil planleggar vere tilgjengeleg for konkrete spørsmål.

Vel møtt!

Med helsing
Heidi Istad
planleggar